Android

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Android robot.svg Android logo.png
Android 4.0.png
Utviklar: Google Inc, Open Handset Alliance, Android Open Source Project
Utgjeve: 20 September 2008
Siste versjon: 4.4.4 (Kitkat)[1]/ 20. juni 2014
Siste beta-versjon: 4.0.5
OS-familie: Linux
Type kjerne: Monolittisk
Lisens: Apache License 2.0
Linux kernel deler under GNU GPL v2[2]
Nettside: http://www.android.com/
Samsung Galaxy Note

Android er eit Linux-basert operativsystem for mobile einingar som smarttelefonar og tablett-datamaskiner. Utviklinga blir gjort av Open Handset Alliance leia av Google.[3][4]

Google kjøpte den fyrste utviklaren av programvara, Android Inc., i 2005. Avdukinga av Android-distribusjonen i 2007 vart kunngjort med grunnlegginga av Open Handset Alliance, eit konsortium av 86 maskinvare-, programvare- og telekommunikasjonsverksemder med føremål å fremma opne standardar for mobile einingar. Google gjev ut Android-kode som open kjeldekode, under Apache-lisens. Android Open Source Project (AOSP) har ansvaret for vedlikehald og vidareutvikling av Android.

Android har eit stort fellesskap av utviklarar som skriv applikasjonar («appar») som utvidar funksjonane til einingane. Utviklarar skriv primært i ein tilpassa versjon av Java. Appar kan lastast ned frå tredjeparts nettstadar eller via nettbutikkar som Google Play (tidlegare Android Market), som er drifta av Google. I februar 2012 var det meir enn 450 000 appar tilgjengeleg for Android, og estimert mengd program som vart lasta ned frå Android Market passert i desember 2011 ti milliardar.[5][6]

Android blei ført opp som den bestseljande plattforma for smarttelefoner på verdsbasis i 4. kvartal 2010 av Canalys. I februar 2012 var det over 300 millionar Android0einingar i bruk, og ifylgje Andy Rubin i Google vart det i februar 2012 aktivert 850 000 Android-einingar kvar dag.[7][8]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnlaget[endre | endre wikiteksten]

Android, Inc. blei grunnlagt i Palo Alto i California i oktober 2003 av Andy Rubin (medgrunnleggar av Danger), Rich Miner (medgrunnlegger av Wildfire Communications, Inc.), Nick Sears (tidlegare visepresident ved T-Mobile), og Chris White (leia design og grensesnittutvikling på WebTV) for å utvikle, i Rubins ord «... smartare mobile einigare som er meir klar over plasseringa og preferansane til eigaren». Til tross for dei openbare ferdigheitene til grunnleggarane og dei tidlege tilsette, vart det meste i Android Inc. halde hemmeleg, og det blei berre avslørt at det blei arbeida med programvare for mobiltelefonar. Same år gjekk Rubin tom for pengar, men Steve Perlman, ein nær venn av Rubin, gav han 10 000 dollar i kontantar i ein konvolutt og nekta å ta imot ein eigardel i verksemda.

Oppkjøpet av Android[endre | endre wikiteksten]

Google kjøpte Android Inc. den 17. august 2005, noko som gjorde Android Inc. eit heileigd dotterselskap av Google Inc. Sentrale tilsette i Android Inc., deriblant Andy Rubin, Rich Miner og Chris White, blei i verksemda etter oppkjøpet. Lite var kjent om Android Inc. på tidspunktet for oppkjøpet, men mange meinte det var truleg at Google hadde planar om å gå inn i mobilmarknaden med dette trekket.

Spekulasjonar om Google sin intensjon om å gå inn i mobil kommunikasjon hald fram med å byggje seg opp ut desember 2006. Rapportar frå BBC og The Wall Street Journal hinta om at Google ville ha sine søk og applikasjonar på mobiltelefonar og at det blei jobba hardt for å levere dette. Media kunne snart rapporterte rykte om at Google utvikla eit eige Google-handsett. Nokre spekulerte i at medan Google fekk definert tekniske spesifikasjonar, blei det vist fram prototypar til mobiltelefonprodusentar og nettoperatørar.

I september 2007 dekte InformationWeek eit Evalueserve-studie som rapporterte at Google hadde sendt fleire patentsøknader innanfor mobiltelefoni.[9][10]

Open Handset Alliance[endre | endre wikiteksten]

5. november 2007 blei Open Handset Alliance, eit konsortium av fleire verksemder som mellom anna omfatta Broadcom Corporation, Google, HTC, Intel, LG, Marvell Technology Group, Motorola, Nvidia, Qualcomm, Samsung Electronics, Sprint Nextel, T-Mobile og Texas Instruments avduka. Målet med Open Handset Alliance var å utvikle opne standardar for mobile einingar. Same dagen lanserte òg Open Handset Alliance sitt fyrste produkt, Android, ein mobil einingsplattform bygd på Linux kjerne versjon 2.6.

Den 9. desember 2008 vart 14 nye medlemmer, mellom anna ARM Holdings, Atheros Communications, Asustek Computer Inc, Garmin Ltd, Huawei Technologies, PacketVideo, Softbank, Sony Ericsson, Toshiba Corp, og Vodafone Group Plc, ein del alliansen. [11][12]

Android Open Source Project[endre | endre wikiteksten]

Android Open Source Project (AOSP) er leia av Google, og har som oppgåve å vedlikehalde og utvikle Android. Ifylgje prosjektet er «målet med Android Open Source Project å skape eit vellykka real-world-produkt som gjer den mobile opplevinga betre for sluttbrukaren.» AOSP opprettheld òg Android Compatibility Program, som definerer ei «Android-kompatibel» eining «som ei eining som kan køyre einkvar applikasjon som er skriven av tredjepartsutviklarar ved hjelp av Android SDK og NDK», for å hindre ikkje-kompatible Android-implentasjonar. Kompatibilitetprogrammet er valfritt, og gratis saman med Compatibility Test Suite som òg er gratis og open kjeldekode.[13]

Versjonhistorie[endre | endre wikiteksten]

Android har sett ei rekkje oppdateringar sidan den fyrste utgåva, kvar med feilretting og introduksjon av nye funksjonar. Kvar versjon har eit namn i alfabetisk rekkefølgje, etter ein dessert.

Aktuelle utgåver

  • 2.3 Gingerbread byr på vidareutvikla brukargrensesnitt, forbetra soft keyboard og kopier/lim inn-funksjon, betre eigenkodestøtte (som forbetra yting i spel), SIP-støtte (VoIP-samtaler) og støtte for NFC(Near Field Communication).
  • 3.0 Honeycomb er ei nettbrett-orientert utgåve som støtter større skjermeiningar og introduserer mange nye brukargrensesnitt funksjoner, støtte for multi-core prosessorer, maskinvareakselerasjon for grafikk og full systemkryptering.
  • 3.1 Honeycomb, utgjeven i mai 2011, kom med mellom anna støtte for ekstra input-einingar, USB-vertsmodus for å overføre informasjon direkte frå kamera og andre einingar og app for Google-filmar og bøker.
  • 3.2 Honeycomb, utgjeven i juli 2011, kom med tilpassing og betre utnytting av eit breiare spekter av skjermstorleikar, ny kompatibilitetsmodus med «zoom for åfylle»-skjerm, lasting av mediefiler direkte frå SD-kort, og eit API med utvida skjermstøtte. Huawei MediaPad blei det fyrste 7-tommars nettbrettet som fekk nytte denne versjonen.[14]
  • 4.0 Ice Cream Sandwich, annonsert 19. oktober 2011, førte Honeycomb funksjonar til smarttelefonar og la til nye funksjonar, inkludert ansiktsgjenkjenningslås, databruksovervaking og kontroll for nettverk, sosiale nettverk-kontaktar, forbetringar i fotograferingshandteringa, offline e-postsøk, appmapper og informasjonsdeling ved hjelp av NFC. Android 4.0.4 Ice Cream Sandwich er den nyaste Android-versjonen som er tilgjengeleg for telefonar. Kjeldekoden til Android 4.0.1 blei gjeven ut 14 november 2011.

Design[endre | endre wikiteksten]

Android består av ei kjerne basert på Linux-kjerna, med mellomvare, bibliotek og APIar skrivne i C og programvare som køyrer på eit programrammeverk som inkluderer Java-kompatible bibliotek bygga på Apache Harmony. Android nyttar Dalvik virtuell maskin med just-in-time kompilering til å køyre Dalvik DEX-kode (Dalvik Executable), som vanlegvis er sett over frå Java ByteCode.[15]

Den viktigaste maskinvareplattforma for Android er ARM-arkitekturen. Det er støtte for x86 frå Android x86-prosjektet, og Google-TV dreg nytte av ein særskild x86-versjon av Android.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Utdatert
Treng oppdatering: Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.