Open kjeldekode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Open kjeldekode (engelsk «Open Source Code») tyder at kjeldekoden til eit dataprogram er gjort tilgjengeleg for alle (ofte på Internett). Det finst mange forskjellige lisensar for open kjeldekode, to av dei mest kjende er BSD og GNU GPL. Den siste er òg fri programvare.

Mange programvareselskap lagar seg sine egne spesialtilpassa opne lisensar. Organisasjonen Open Source Initiative (OSI) har ein godkjenning der lisensar som følgjer deira definisjon av open kjeldekode får tittelen «OSI approved».

Nokre kjende døme på program med open kjeldekode er Linux, KDE, Apache, PHP, Mozilla, Scilab og MediaWiki, som driv Wikipedia.

Omgrepet 'open kjeldekode'[endre | endre wikiteksten]

Ein skil ofte mellom open programvare og fri programvare. Fri programvare, slik han er definert av Free Software Foundation, krev i tillegg til at kjeldekoden er open at han kan vidaredistribuerast kommersielt.

Nokre kommersielle aktørar meiner omgrepet open kjeldekode er forvirrande og at det ikkje bør nyttast. Dette vert gjerne grunngjeve med med at vi i Noreg ikkje treng å ta inn over oss motsetningane i USA. Dermed meiner dei at vi i Noreg burde klare oss med eitt omgrep, fri programvare, for å omtala fenomenet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]