Linux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tux.svg
Kubuntu jaunty.png
Skapar: Linus Torvalds
Utgjeve: mars 1994
Siste versjon: 3.10.6/ 12. august 2013
OS-familie: Unix-liknande
Type kjerne: Monolittisk
Lisens: Berre GNU General Public License v2
Nettside: kernel.org
Denne artikkelen handlar om Linux-tufta operativsystem, GNU/Linux, og nærskylde emne. Sjå linuxkjernen for sjølve kjernen.

Linux er eit operativsystem, tufta på open kjeldekode. Nemninga Linux gjeld eigentleg berre Linuxkjernen, men vert òg nytta om heile Linuxdistribusjonar, som i tillegg til Linuxkjernen inneheld mykje programvare, som fleire ulike bibliotek, brukargresesnitt, verktøy og brukarprogram frå GNU-prosjektet.

Linux vart opphavleg utvikla for Intel 386-mikroprosessorar, men stør no fleire ulike prosessorarkitekturar. Det vert nytta i alt frå personlege datamaskinar til superdatamaskinar. Det finst òg fleire miniversjonar for små innbaka system som mobiltelefonar og videokamera.

Etter å ha vorte utvikla mest av einskilde entusiastar i byrjinga, har Linux fått støtte av store selskap som IBM og Hewlett-Packard. Dette har gjort at proprietære operativsystem som versjonar av Unix og Microsoft Windows har mista marknadsdelar til Linux i tenarmarknaden. Tilhengjarar og mange analytikarar gjev leverandøruavhengigheit, låge realiseringskostnadar, tryggleik, tilgjenge til kjeldekode og stabilitet mykje av æra for denne framgangen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Linus Torvalds, skaparen av Linuxkjernen

Linuxkjernen vart opphavleg skriven som ein hobby av finnen Linus Torvalds, medan han studerte ved Universitetet i Helsinki. Torvalds brukte opphavleg Minix på datamaskina si, ei forenkla kjerne skriven av Andrew Tanenbaum for undervisningsføremål i operativsystemdesign [1]. Tanenbaum støtta ikkje utvidingar i operativsystemet sitt, noko som fekk Linus til å skrive ein avløysar til Minix. Sjølv om ein Minixkjerne opphavleg var naudsynt for å installere og køyre Linux, gjekk Linux systemet raskt forbi Minix i funksjonalitet.

Den første versjonen av Linuxkjerna vart lansert på Internett i september 1991, og den andre versjonen kom i oktober same året [2]. Sidan den gongen har tusenvis av utviklarar frå heile verda delteke i prosjektet. Eric S. Raymond sitt essay The Cathedral and the Bazaar [3] diskuterer utviklingsmodellen av Linuxkjernen og liknande programvare.

Historia om GNU, eit fri-programvareprosjekt leidd av Richard Stallman, heng tett saman med Linux-historia. GNU-prosjektet vart starta i 1983 for å utvikle eit fullstendig Unix-aktig operativsystem, inkludert programvareutviklingsverktøy og brukarprogram, alt som fri programvare. Ved lanseringa av den første versjonen av Linuxkjerna hadde GNU-prosjektet produsert alle naudsynte komponentar av dette systemet bortsett frå kjernen. Torvalds og andre tidlege kjerneutviklarar tilpassa kjernen til å fungere med GNU-komponentane for å skape eit fullverdig operativsystem. Kjernen er lisensiert under GNU General Public License (GPL), men er ikkje del av GNU-prosjektet. GNU-prosjektet har sin eigen kjerne, GNU Hurd, men den er framleis under utvikling.

Pingvinen Tux er logoen og maskoten til Linux (det er mindre vanlege representasjonar; sjå OS-tan). Namnet «Linux» var det Ari Lemmke, som fann på. Han var administrator på ftp.funet.fi, og kalla FTP-mappa der Linuxkjenen fyrst var tilgjengeleg ([1]) for Linux. Linux-varemerket (SN: 1916230) er eigd av Linus Torvalds, registrert for «Computer operating system software to facilitate computer use and operation.» Lisensieringa av varemerket vert no handsama av Linuxmerkeinstituttet.

Sjå òg: Kronologi for utviklinga av Linux

Linux og GNU/Linux[endre | endre wikiteksten]

Grunna GNU-biblioteka og programma stammar nestan alle linuxdistribusjonar frå eit fritt operativsystemprosjekt som er eldre enn linuxkjernen sjølv. Richard Stallman og Free Software Foundation ynskjer at det kombinerte systemet (uavhengig av distribusjon) skal verte referert til som GNU/Linux. Sjølv om somme distribusjonar brukar dette namnet — især Debian GNU/Linux — omtalar dei fleste systemet som Linux. Skiljet mellom Torvalds sin kjerne og operativsystemet Linux er ei konstant kjelde til forvirring, og namnet fortset å verta nytta i ulike tydingar.

Søksmål[endre | endre wikiteksten]

I mars 2003 saksøkte SCO Group (SCO) IBM der dei skulda IBM for å ha bidrege med delar av SCO sin intellektuelle eigedom til Linuxkjernen, og hadde brote vilkåra i IBM sin unixlisens. I tillegg sende SCO ut brev til fleire selskap der dei åtvara om at bruk av Linux utan å betale lisens til SCO kunne resultere i søksmål, og hevda i pressa at dei kom til å saksøke individuelle Linux-brukarar. Denne kontroversen har involvert søksmål frå SCO mot Novell, Daimler Chrysler (delvis avvist i juli 2004), og AutoZone, medan Red Hat og andre har saksøkt SCO. Til dags dato har SCO ikkje kunna syne fram prov på skuldingane om kopiert kode. Den mest utfyllande dekkinga av saka er gjeven av Groklaw.

Distribusjonar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Linux-distribusjon

Linux er eigentleg berre ei operativsystemkjerne. Eit komplett operativsystem krev i tillegg mykje meir funksjonalitet, som ulike programvarebibliotek, brukargrensesnitt, verktøy, osv. Når Linux-kjernen vert kombinert med naudsynte tilegg vert det kalla ein «Linux-distribusjon», ofte forkorta til «distro». Linux-distribusjonar vert sett saman av individuelle personar, frivillige lag og diverse profesjonelle organisasjonar. Dei inkluderer det meste av programvare og visse prosessar for å installere det. Distribusjonar vert tilpassa mange forskjellige føremål, inkludert lokaliserte omsetjingar, maskinarkitekturar, tenarmasinar (nokre utan grafisk brukargrensesnitt), arbeidsstasjonr, Det finst òg sanntidsversjonar tilpassa innbaka system. Nokre distribusjonar inneheld berre fri programvare. På grunn av at storparten av tilleggsfunksjonaliteten er tufta på open programvare med GNU-lisens vert Linux-distribusjonar ofte kalla «GNU-Linux».

Ein typisk allbruksdistribusjon inkluderer Linuxkjernen, GNU-bibliotek, kommandolinekonsoll (skall) og skrivebordmiljø, verktøy som kompilatorar og feilfinnarar, pluss ei stor mengd brukarprogram som kontorprogram, multimediaprogram, kommunikasjonsprogram, osb.


Utbreiing og bruk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det naudsynt med noko datakompetanse for å kunne installere og konfigurera ein Linuxdistribusjon. På grunn av dette og at kjeldekoden er tilgjengeleg har Linuxbrukarane tradisjonelt vore meir teknologisk orientert enn brukarar av Microsoft Windows og Mac OS. Men etter kvart har Linux har vorte meir brukarvenleg og for dei siste versjonane er ikkje brukarterskelen høgare enn for Windows elle Mac OS. Linux har hatt vesentleg framgang tenarmaskinar, tungreknarar, biletehandsaming, innbaka system og sanntidsoperativsystem. Framgången på skrivebordsmarknaden, derimot, har gått mykje treigare.

Skrivebordmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Skrivebordmiljøa KDE og GNOME liknar mykje på kva ein finn i Mac OS eller Microsoft Windows. Det finst og mange andre skrivebordsmiljø og fleire tekstbaserte Unix-aktige kommandoskal. Grafisk Linux-programvare eksisterer for mange nisjar, men framleis er det som regel større utval for proprietære operativsystem.

Tenarmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Linux er hjørnesteinen i såkalla LAMP-tenarar (Linux, Apache, MySQL, Perl/PHP/Python) som har nådd utbreidd popularitet mellom nettutviklarar, og no er ein av dei vanlegaste tenarmaskinane.

Innbaka system[endre | endre wikiteksten]

Linux er òg ofte bruka i innbaka system. Låge kostnadar gjer det særs nyttig i heimeelektronikkbokser (set-top box) og for maskiner som Simputer, ei datamaskin retta særskild mot låginntektsfolkegrupper i utviklingsland. I mobiltelefonar er det eit alternativ til mellom andre Symbian OS. I handheldte maskiner er det eit alternativ til det dominerande Windows CE og Palm OS. Populære TiVo PVR brukar og ein tilpassa versjon av Linux.

Tungreknarar[endre | endre wikiteksten]

Linux er i stadig aukande grad nytta som OS i superdatamaskiner, no sist på 64-bit AMD Opteron i Cray XD1 [treng kjelde].

Marknadsdelar[endre | endre wikiteksten]

Linux var ein gong sett på som eit operativsystem som berre data-geekar kunne bruke, men i dag er det mykje meir brukarvenleg, med mange grafiske grensesnitt og applikasjonar med liknande funksjonalitet av dei i populære proprietære operativsystem.

Marknadsdelen for skrivebordsbruk er framleis liten, men stadig veksande. I følgje marknadsforskningsselskapet IDC brukte 25 % av alle filtenarar og 2,8 % av skrivebordmaskiner Linux i 2002 [treng kjelde]. Fordelar som lågare kostnadar, betre sikkerheit og leverandøruavhengigheit har resultert i eit veksande interesse for Linux, både frå kommersielle føretak og frå offentlege myndigheiter.

Linux og andre frie programvareprosjekt har ofte blitt kritisert for å ikkje gå langt nok for å sikre nytteverdi, og spørsmålet om Linux sin nytteverdi samanlikna med Windows eller Macintosh er kraftig debattert. For dei som berre er kjend med Windows eller Mac kan systemet vere vanskeleg sidan mange oppgåver ikkje fungerer på ein identisk måte.

I tillegg må kanskje brukarar bytte ut sine gamle brukarprogram med nye, og tilsvarande program kan i somme tilfelle ikkje vere tilgjengelege, eller der er færre alternativ for nokre oppgåver, som til dømes dataspel. Vanlege program som rekneark og tekstbehandlarar og nettlesarar er tilgjengeleg for linux i større utval, og grunna fri distribusjon er det større valfriheit. Dei fleste Linux distribusjonane har to eller fleire metodar for å installere programvare på, fleire kontorprogram kjem no med eigne automatiserte installasjonsprogram. Grunna motvilje til å endre det faktum at dei fleste nye maskiner kjem med Windows pre-installert, går utbreiinga av nye skrivebordsystem sakte. Linux ser likevel ut til å vera på gli i denne marknaden med fleire produsentar som pre-installerer Linux, og mange organisasjonar som har hatt fire fem år med erfaring med Linux. Marknadsdelane blir truleg større etter kvart som Linux blir meir brukt på arbeidsplassar og skular, og fleire blir komfortable med å bruke systemet.

Støtte for ny eller sjeldan/sær maskinvare forblir eit problem. Sjølv om mange maskinvareutviklarar lagar linuxdrivarar, må storparten av tilgjengelege drivarar tilverkast av frivillige etter at produktet er lansert. Ofte krev denne utviklinga (bakvendt utvikling) mykje arbeid, sidan maskinvareleverandørane ofte nektar å offentleggjere firmware eller maskinvarespesifikasjonar for sine produkt.

Der har vore motstridande studiar om Linux sin brukarvennlegheits og kostnad [treng kjelde]. Det tyske konsulentselskapet Relevantive, konkluderte i ei studie frå 2003 med at brukarvennlegheita i Linux for spesifikke skrivebordrelaterte oppgåver var «nesten tilsvarande Windows XP[treng kjelde].» På den andre sida har Microsoft-sponsa studiar utført av IDC konkludert med at det kostar meir totalt å bruka Linux samanlikna med Windows (høgare TCO)[treng kjelde].

Linuxdistribusjonar har blitt kritisert for å bli oppdaterte uforutsigbart, og difor er gjere kommersielle brukarar mindre komfortable med Linux enn med andre system [4]. Men somme observatørar hevdar at intervalla mellom distribusjonsutgjevingar av Linux ikkje er verre, og ofte betre enn dei hyppige utsettingane som ofte oppstår med andre operativsystem[treng kjelde]. Det store talet av linuxdistribusjonar kan òg forvirre brukarar og programvareleverandørar. Wheeler [5] har samla informasjon frå fleire studiar av ope kjeldekode, om marknadsdelar, stabilitet, og fleire studiar som spesifikt granskar Linux.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Installasjon[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var installasjon ei barriære mot adoptasjon av Linux-baserte system, men prosessen har blitt gjort mykje enklare i seinare tid. Mange distribusjonar er like enkle å installere som ein liknande versjonar av Microsoft Windows. Mange distribusjonar inneheld mykje meir programvare enn Windows, slik at ein ikkje treng bruka tid på ekstra installasjonar etter operativsystemet. Ein treng normalt ikkje fikla med lisensnummer. PC-ar med Linux pre-installert er tilgjengeleg frå fleire leverandørar.

Den vanlegaste måten å installere Linux på, støtta av alle store distribusjonar, er å starte opp frå ein CD, eller DVD, som inneheld både installasjonsprogrammet, operativsystemet og anna programvare. Slike CD-ar kan brennast frå ei ISO-fil som ein først lastar ned, eller kjøper for ein låg pris. Ein kan òg kjøpa ein pakke som ofte også inneheld manualar og kommersiell programvare.

Somme distribusjonar, slik som Debian, kan bli installert med eit lite sett diskettar. Etter installasjonen av eit basissystem, kan meir programvare leggast til ved hjelp av Internett eller CD-ar.

Knoppix og diverse andre, kan køyrast direkte frå ein aktiv CD (live CD), framfor å installere det til harddisken. På denne måten kan ein køyre linux utan å gjere nokon endringar på innhaldet på platelageret. Andre minimale distribusjonar, som til dømes tomsrtbt, kan køyrast direkte frå ein diskett utan å måtte endre noko på harddisken.

Enda ei metode å installere Linux på er å installere på ei kraftig maskin som skal brukast som filtenar, og å bruke vanlege, svakare maskiner (moglegvis utan platelager, med mindre minne og svakare CPU) som klientar over eit nettverk. Brukarane arbeider på kvar sin klient, som kommuniserer med hovudfiltenaren over nettet og hentar og lagrar filer på tenarmaskina.

Ein linuxterminalmaskin er ei enkel maskin som fleire klientar kan kople seg til på denne måten så ein får fordelen av å installere Linux på mange maskiner for kostnaden av å installere på ein. Klientane kan vere ordinære PC-ar med ein nettverkoppstartlastar på ein disk eller ein nettverkkontroller. Variasjonar på denne metoden inkluderer lokale harddiskar og datakraft til å køyre applikasjonar. Kostnadsparingane ein får ved å bruke tynnklientar kan investerast i datakraft eller lagring på tenaren med store fordelar.

Mange distribusjonar støttar òg oppstart over nettverket, så ein installering på ei skikkeleg oppsett maskin kan gjerast over eit nettverk.

Installasjon på ein eksisterande plattform[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om mange distribusjonselskap no legg ned store ressursar for å utstyre brukarane med avanserte, enkle og spesifikke installasjonar, har mange nybyrjarar (særleg dei som tidlegare har nytta Microsoft Windows og Mac) framleis kjensla av at skiftet er vanskeleg. Mange løysingar er utvikla for å løyse desse problema. WinLinux, til dømes, let brukarar installere Linux på eit eksisterade system. Etter nedlasting av arkivet (over 100 MByte) kan installasjonsfila køyrast på same måte som ved installere eit Windows-program. Etter installasjonen kan ein velja om ein startar opp med det gamle operativsystemet, eller med Linux. Programvara er ein fullverdig linuxdistribusjon. Skilnaden er at det ikkje er naudsynt å ein eigen partisjon på platelagret, sidan Linux er installert på ein Windows-partisjon.

Virtual PC-teknologi gjer det mogleg å køyre Linux (eller eit vilkårleg anna OS) på ei Windows-maskin. Virtual PC-programvara vil simulere eit isolert miljø der Linux-systemet kan installerast. Etter at installasjonen er fullført kan den virtuelle PC'en startast opp. Han vil fungere på same måte som ein standard PC med Linux, men hastigheita og stabiliteten er dårlegare.

Konfigurasjon[endre | endre wikiteksten]

Konfigurasjon av dei globale innstillingar er lagra under /etc, medan brukarspesifikke innstillingar er lagra i skjulte filer i brukaren si /home-mappe. Nokre få program brukar ein konfigurasjonsdatabase i staden for filer.

Der er ein mengde forskjellige måtar å endre desse innstillingane på. Den enklaste måten er å nytte verktøy som fylgjer med distribusjonane, slik som SuSE sin YaST eller Mandrake sitt «Control Center». Andre, som t.d. Linuxconf, Gnome System Tools og Webmin er distribusjonuavhengige. Der finst òg kommandolinjeverktøy som kan brukast til konfigurering. Sidan nesten alle innstillingar er lagra i vanlege ASCII-filer kan dei òg endrast med ein teksthandsamar.

Nettwerk[endre | endre wikiteksten]

Linuxkjerna inneheld full nettverkstøtte, basert på Internet Protocol, og innebygd brannmur/router (Netfilter). Netfilter kan konfigurerast ved hjelp av lågnivåskript, eller med verktøy som til dømes ufw, eller det tilhøyrande grafiske brukargrensesnittet Gufw.

Windows-emulering[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje program kan køyra windowsapplikasjonar under Linux, med varierande nivå av suksess. WINE, Win4Lin og WINE-baserte program som Crossover Office og Transgaming sin Cedega brukar eit applikasjonskompatibiliteslag som gjer det mogleg å køyra somme windowsprogram på Linux med bortimot lik hastigheit (det er attpåtil mogleg å køyre visse program raskare i Linux), utan å betala for ein windowslisens.

VMware er eit proprietært maskinvarevirtualiseringprogram som køyrer andre operativsystem på ei virtuell maskin med nær perfekt funksjonalitet, men med monaleg dårlegare fart enn normalt. CPU-emulatorar (som Bochs eller QEMU) kan brukast, men då med vesentleg lågare fart.

Brukarstøtte[endre | endre wikiteksten]

Teknisk brukarstøtte blir tilbydd av kommersielle aktørar og andre linuxbrukarar, vanlegvis i nettforum, nyheitsgrupper og e-postlister. Linux-brukargrupper («LUG»-ar) over heile verda hjelper mange brukarar, oftast lokalt, og held ofte «installeringsfestar» der brukarar kan installere Linux med ei hjelpande hand.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tannenbaum, A.S., Operating systems: Design and implementation, Prentice-Hall, 1987.
  2. Free minix-like kernel sources for 386-AT, comp.os.minix, 5.10.1991
  3. The Cathedral and the Bazaar, 21.11.2006.
  4. Marcinkowski, A., Linux needs reconsideration, CNet New.com 05.08.2003.
  5. Wheeler, A., Why Open Source Software / Free Software (OSS/FS)? Look at the Numbers!, 16.04.2007.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Linux
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Linux
Tux.svg
Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio