Andromedagalaksen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spitzer Space Telescope-bilete av Andromedagalaksen i den infraraude delen av det elektromagnetiske spekteret.
Andromedagalaksen (katalogisert M31 og NGC 224) er den næraste spiralgalaksen til Mjølkevegen. Han ligg i omtrent 2,5 millionar lysår unna i stjernebiletet Andromeda og er det fjernaste objektet[1] og den einaste galaksen[2] som kan sjåast med det blotte auga.
Galaksen er omtrent 260 000 lysår på tvers og inneheld omtrent éin billion stjerner; til samanliking er Mjølkevegen 100 000 lysår på tvers og inneheld eit par hundre milliardar stjerner.[3]
Ein reknar med at Andromedagalaksen vil kollidera med Mjølkevegen om nokre milliardar av år.[4]
Kjelder [endre]
- ↑ «Andromeda Galaxy», artikkel Philip's Encyclopedia s. 14-15
- ↑ «Andromeda Galaxy Shines in Spitzer's Eyes» - offisiell pressemelding frå JPL
- ↑ «Andromeda Adrift in Sea of Dust in New NASA Image» - offisiell NASA-pressemelding
- ↑ «Galactic merger to 'evict' Sun and Earth» - Artikkel hos New Scientist Space