Angelfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Angelfossen
Salto Angel from Raton.JPG
Angelfossen sett frå Isla Raton
Foto: Brukar Yosemite
Stad Auyantepui, Canaima nasjonalpark, Venezuela
Type Katarakt
Totalt fall 979 m
Lengste fall 807 m
Tal på fall 2
Elv Churún, Río Caroní
Verdsrangering 1

Angelfossen (pemon: Parekupa-meru) er verdas høgste foss med fritt vatnfall på 979 m , med eit samanhengande fall på 807 m. Han finst i Canaima nasjonalpark, i Gran Sabana regionen av staten Bolívar i Venezuela. I vind vert vatnet slengt rundt, delt opp og knust slik at mykje vatn vert gjort om til tåke.

Vatnet som kjem ned frå Auyantepui i Angelfossen vert til elva Churún og vert ført til Orinoco gjennom sideelvane Carrao og Río Caroní. I språket pemon har fossen nemninga Parekupa-meru som tyder «fossen på den djupaste staden». Fossen vert nokre gongar referert til som Churún-meru, eit mistak sidan namnet svarar til ein annan foss i Canaima. Churún tyder «tore» på pemonspråket.

Namnet på tepuien som fossen styrtar er «Auyan-tepui». Det kjem òg frå pemon og tyder bokstaveleg «huset åt djevelen», ofte omsett til «djevelen sitt fjell».

Det noverande namnet på fossen er etter flygaren Jimmie Angel frå USA som skal vere den første kvite mann som såg fossen. Det skjedde den 16. november 1935 på ein flyging då han utforska området på jakt etter verdfulle bergartar. Andre oppdagarar som t.d. Ernesto Sanchez La Cruz frå Venezuela skal ha sett fossen mykje tidlegare (i 1910) utan at det finst prov for det. Den 9. oktober 1937 freista Jimmie Angel og kona Marie å lande på Auyantepui med eit fly. Flyet vart skadd under landingsforsøket i blaut myr og alle fire i flyet måtte returnere til sivilisasjonen til fots, ein tur som tok elleve dagar. Trettitre år etter vart den havarerte flymaskinen frakta til flymuseet i Maracay for reparasjon. Det er strid om kven som skal ha ansvar for å bevare maskinen og han står no utsett for vêr og vind framføre lufthamna i Ciudad Bolivar. Oppe på Auyantepui står det utstilt ein kopi av Jimmie Angel sitt fly.

Den USA-amerikanske journalisten Ruth Robertson frå National Geographic Society gjorde oppmålinga i 1949 som fastsette høgda på Angelfossen.

Angelfossen er ein av dei største turistattraksjonane i Venezuela. Han ligg i ein isolert region med jungel. Eit mykje nytta startpunkt for å reise fram til fossen er staden Canaima. Han har flyplass og ligg ved Río Caroní som er ein vassveg opp til fossen i sesongen frå juni til desember når det er tilstrekkeleg med vatn for transport med curiaras, ein type elvebåt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Angelfossen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen «Salto Angel» på engelsk Wikipedia slik han var den 14. oktober 2007