Venezuela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República Bolivariana de Venezuela

(norsk: Venezuela, venezuelansk)

Det venezuelanske flagget Det venezuelanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Gloria al Bravo Pueblo»
Geografisk plassering av Venezuela
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Caracas
Styresett
Parlamentarisk republikk
Nicolás Maduro
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
912 050 km² (32.)
0,3 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
28 047 938 (45.)
30,8 /km² (145.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
5. juli 1811
1821
Nasjonaldag 5. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
344 200 mill. USD (34.)
12 600 USD (73.)
Valuta Bolívar
Tidssone UTC -4
Telefonkode +58
Toppnivådomene .ve


Venezuela, offisielt Den bolivarianske republikken Venezuela, er ein republikk i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia, Brasil og Guyana. Utanfor den venezuelanske kysten finn ein òg øyane Aruba, Dei nederlandske Antillane og Trinidad og Tobago. Presidenten i Venezuela er Hugo Chávez, som har leidd landet sidan 1998.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Venezuela har mange ulike landskapstypar. I nordvest og langs den karibiske kysten i nord ligg ei forlenging av Andesfjella, der det høgaste punktet er Pico Bolivar, som ragar 5 007 m over havnivå. I nordvest finst òg lågsletter rundt Maracaibo-sjøen og attmed Venezuelagolfen. Midt i landet ligg store sletteområde kjende som llanos. Dei strekkjer seg frå grensa mot Colombia til Orinoco-deltaet. Sør i landet ligg dei forrivne Guiana-høgslettene, med fleire tepuiar. Frå ein av desse tepuiane fell Angelfossen, som er verdas høgaste foss.

Caracas er hovudstad og den største byen i landet. Andre store byar er Maracaibo, Barquisimeto, Valencia, Maracay og Guayana by.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Venezuela er delt inn i 9 regionar med til saman 23 delstatar (estados), eitt hovudstadsdistrikt (Distrito Capital) og eitt føderalt område (Dependencia Federal):

Kart over Venezuela

Andes

Hovudstad

Sentral

Sentral vest

Guayana

Øystatar

Llanos

Nordaust

Zulian

Klima[endre | endre wikiteksten]

Venezuela er klimatisk sett eit uvanleg land i Sør-Amerika fordi april til oktober er tida på året det kjem mest regn. I vest av landet har ein noko som kan likne ei dobbel regntid, som i Colombia. Det nordlege låglandet, særleg mot vest har overraskande tørt klima til å vere eit tropisk område. Ein meiner at dette kjem av retninga på kystlinja i forhold til den nordaustlege passatvinden.

Andesfjella i Venezuela er lågare og smalare enn i Colombia, Peru og Bolivia, men ein har fleire toppar som stig over 4500 m som har snø året rundt. Ein har mange lokale variasjonar i vêret og klimaet som følgje av høgda, og ein har tre lokale klimasoner her kalla tierra caliente, tierra templada og tierra fria. Dei nordlege fjellsidene har stort sett mindre regn enn den sørlege sida. Caracas som ligg på rundt 1000 m over havet har klimatypen tierra templada, men er relativt tørr. Den årlege nedbørsmengda i fjella er vanlegvis over 1000 mm, men er mindre i enkelte verna dalar og på nordsida av fjella. På kysten aukar regnmengda frå svært låge mengder nær Maracaibosjøen til rundt 1000 mm i aust. Låglandet rundt Maracaibosjøen er varmt året rundt.

I Llanosområdet i Orinocodalen er det vanlegvis varmt tropisk klima med ei enkel regntid mellom april og oktober. I dette området kjem det stort sett mellom 1000 og 1500 mm i året. Temperaturane varierer lite frå månad til månad, og ein har eigentleg aldri kjølig vêr. Dei våte månadane kan derimot vere ubehageleg på grunn av kombinasjonen varme og høg luftfukt.

I søraust ligg Guyanaplatået, og her kjem det som regel meir regn, vanlegvis over 1500 mm kvart år, men med ei klar tørketid på vinteren. Temperaturen er ikkje så høg på grunn av høgda, og fukta er generelt lågare enn i Llanos.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Venezuela vart den første permanente spanske kolonien i Sør-Amerika i 1522. Mesteparten av noverande Venezuela kom seinare inn under visekongedømmet Ny Granada. Etter fleire mislukka opprørsforsøk og ein blodig frigjeringskrig vart landet til slutt sjølvstendig frå Spania i 1821 under leiing av Simón Bolívar. Rett etter gjekk Colombia, Panama og Ecuador saman med Venezuela inn i føderasjonen Gran Colombia. Dei heldt saman til 1830 då Venezuela braut ut og danna ein sjølvstendig republikk.

Det første hundreåret av historia for landet vart prega av politisk ustabile regjeringar, skiftande diktatur og revolusjonær uro. Etter at militæret trekte seg ut av politikken i 1958 har dei to sentrumspartia Accion Democratica og COPEI veksla på å sitte med makta. I 1958 gjekk dei to partia inn i ei pakt som skulle sikre at ingen andre parti slapp til, den såkalla Punto Fijo-pakta. Under Punto Fijo-epoken, som varte fram til valet i 1998, var «forsvinningar» av opposisjonelle vanleg i Venezuela. Dei dominerande media støtta nesten utan unntak dei to etablerte partia og var i hovudsak kontrollert av to velståande familiar med intime band seg i mellom.

Ei sentral hending i nyare venezuelansk historie er Caracazo-massakren i 1989. Massakren vart sett i gang då politi og militære gjekk til åtak på demonstrantar som kravde stopp i nyliberalistiske reformer innført under president Carlos Andres Perez. Fleire tusen demonstrantar vart drepne og hendinga har blitt omtalt som ein «kapitalismen sin Himmelske freds plass» i Latin-Amerika. President Perez vart seinare stilt for riksrett og avsett for korrupsjon.

I 1992 forsøkte MBR-200, Movimiento Bolivariano Revolucionario 200, å ta makta. Opprøret vart grunngjeve med at de demokratiske kanalar for endring var stengt og motstandarane omtala det som eit mislykka kupp medan tilhengjarane meinte det var eit forsøk på revolusjon. MBR-200 hadde frigjeringshelten Simon Bolivar som symbol og mobiliserte mot korrupsjonen under regimet til Carlos Andres Perez. Då opprøret feila fekk Hugo Chavez komme til på tv for å be tilhengjarane om å gjere slutt på kamphandlingane. Han sa at opprøret berre hadde feila por ahora, «for no», eit sitat som sidan har gått inn i venezuelansk historie.

President Hugo Chávez (1999-2013)[endre | endre wikiteksten]

Hugo Chávez vart vald til president i 1999 med 80 % oppslutning, Eit vektig mål for den politiske rørsla hans var å få slutt på Punto Fijo-regimet. I 2002 vart styret hans utsett for eit mislykka kupp etter at oppstand ramma hovudstaden Caracas. Det venezuelanske militæret annonserte Chávez sin avgang på nasjonalt fjernsyn og inviterte ein lokal næringslivsleiar til å bli interimpresident. Etter nokre få timar hadde dei avskaffa parlamentet og gjort store endringar i grunnloven. Den venezuelanske regjeringa meinte at kuppet hadde støtte frå USA. Lojale militæroffiserar sette inn Chávez som president igjen mindre enn 48 timar seinare. Han døydde i embetet 5. mars 2013 av kreft.

Demokrati og kontroversar i Venezuela[endre | endre wikiteksten]

Den nye grunnloven av 1999 i Venezuela lovfester direkte og deltakande demokrati. Kva som ligg i dette finst det ulike tolkingar av. Men regjeringa i Venezuela har i fleire år synt interesse for den sveitsiske modellen med direkte folkerøystingar og skal få hjelp av sveitsiske juristar og Instituttet for føderalisme i Freiburg til å konkretisere ein liknande modell i Venezuela, i følgje den spanskspråklege nettstaden Swissinfo.[1]

Små kommuneråd etablert av innbyggjarane innanfor eit område har blitt populært i Venezuela etter at regjeringa la til rette for dette og det finst no 18 000 slike råd. [2] Her avgjer innbyggarane direkte over fordeling av kommunerådet sitt budsjett.

I desember 2005 stemte berre omkring 20 % av dei som hadde røysterett i Venezuela under valet av ny nasjonalforsamling, La Asamblea. Opposisjonen i landet boikotta valet som følgje av stor mistillit til iverksetjinga av tidlegare val. Dette førte til at Chávez sitt parti MVR, og dei partia som støttar han, fekk alle plassane i La Asamblea. Mange hevda at den låge valdeltakinga gjer at valet ikkje var legitimt. Chávez sine tilhengarar viser i denne samanhengen til at val til nasjonalforsamlinga tradisjonelt har hatt svært låg deltaking i Venezuela, samanlikna med presidentval. I 1998 fekk til dømes sentrumspartiet Accion Democractica kontroll over kongressen med røysta frå berre 11,24 % av dei som hadde røysterett i landet utan at det i nemneverdig grad vart stilt spørsmål ved legitimitet åt valet. [3]

Chávez vann på ny presidentvalet i desember 2006 framføre Manuel Rosales. I februar 2007 vart «La Ley Habilitante» gjennomført. Det vil seie at nasjonalforsamlinga har gjeve frå seg makta si til Chávez i 18 månader innanfor ei rekkje fastsette lovområde. Denne typen fullmakter er vanlege i land med presidentbasert demokrati og har blitt brukt mellom anna i USA ("Fast Track"-lovane) og i Peru kor Alan Garcia fekk utvida fullmakter innanfor 9 spesifiserte område. Både Hugo Chávez og tidlegare presidentar ved fleire høve fått liknande fullmakter. Alle lover som vert vedtekne i Venezuela kan bli tatt opp til folkeavstemming dersom 5 % av dei med røysterett krev det.

Media i Venezuela[endre | endre wikiteksten]

Dei dominerande media i Venezuela er for det meste ått av private selskap og dei fleste har ein sterkt kritisk dekning av det styresmakta gjer seg. Særleg Cisneros-familien, som var involvert i statskuppet i 2002, har kontroll over sentrale meiningsdannande media i Venezuela.

Ei ordning med pressestøtte til lokalbaserte og uavhengige media har medverka til fleire lokale tv- og radiokanalar. Talet på tv-kanalar har auka frå 30 til 78 sidan Chávez kom til makta og talet på radiokanalar har auka frå 368 til 617. [4]. Dette har gjeve Hugo Chávez fleire støttespelarar i media da mange av dei nye kanalane stiller seg positive til regjeringa sitt arbeid. Når det gjeld dei riksdekkjande tv- og radiokanalane dominerer likevel framleis opposisjonen.

Det finst over hundre aviser i Venezuela. Dei fleste av desse står opent i opposisjon til regjeringa i landet, men styrken i kritikken kan variere.

Våren 2007 kom det til ein konflikt i samband med at den venezuelanske staten ikkje ville halde fram løyvet som den populære tv-kanalen RCTV hadde til å sende på det nasjonale bakkenettet. Delar av opposisjonen oppfatta dette som ein freistnad på sensur. Regjeringa viser til kanalen sine mange brot på sendevilkåra, mellom anna aktiv deltaking i statskuppet i 2002, manglande skattebetaling, vising av tobakksreklame, samt vald og pornografi mellom tidspunkt på døgnet når dette ikkje er lov. President Chávez har også lagt vekt på at kanalen skal ha spreidd fiendtlege haldningar til homofile.[5]. RCTV vil sende vidare på kabel [6], i tillegg til at kanalen sender på Internett og satellitt.

Internasjonalt har ei rekkje organisasjonar reagert på avgjersla om å ikkje fornye konsesjonen til RCTV. Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) sin generalsekretær har likevel uttalt at avgjersla ikkje representerer noko trugsmål mot demokratiet i Venezuela [7] og fleire presidentar i regionen, av dei Brasil sin president Luiz Ignacio Lula da Silva, har rettferdiggjort avgjersla. Lula skildra avgjersla som ei demokratisk handling. «The decision to not renew the license is just as democratic as giving it (the license). I don't know why there is any difference between two democratic acts», skal Lula ha sagt til den brasilianske storavisa Folha de Sao Paulo. [8]

Tv-kanalen som tar over RCTV sin gamle frekvens på bakkenettet heter TVes. Etter det regjeringa seier skal dette vere ein «Public Service» tv-kanal etter «europeisk modell», kor alle kan sende inn program.[9] Styresmakta har også uttalt at vi ville ikkje vere så dumme at vi gjorde TVes til ein kopi av [statskanalen] VTV [10] og understreka at den nye kanalen vil vere pluralistisk og inkluderande.

Som ein del av mediestrategien sin har regjeringa også valt å bygge ut gratis internettkafear i fattigstrøk. Tilhengarar av Hugo Chávez bruker gjerne dette som eit eksempel på regjeringa sin demokratiske karakter, då mange undertrykkande regime ser på Internett som ein trussel.[11][12]

Venezuela fornyar forsvaret[endre | endre wikiteksten]

I april 2006 kom dei første MI-17-helikoptera som Venezuela har kjøpt frå Russland. I alt skal 33 kamphelikopter leverast.

I mai 2006 innførte USA eit forbod mot eksport av våpen til landet. Avgjersla vart tatt pga «manglande støtte til krigen mot terror». Dette følgde opp ein USA-amerikansk stopp på ein eksport av delar til F-16-fly frå Brasil i januar. Chávez reagerte på dette med å truge med å kjøpe fly frå Russland eller Kina. Chávez truga også med å selje gamle USA-amerikanske jagarfly til Cuba eller Kina.

Tidleg i juni 2006 kom den første leveransen av russiske våpen til Venezuela. 33 000 av totalt 100 000 Kalashnikov-gevær. USA uttalte at dette er med på å destabilisere regionen. Venezuela planlegg også lisensbygging av Kalashnikov.

Våren 2007 vart det meldt i norsk og internasjonal presse at Venezuela planla eit større kjøp av ubåtar frå Russland. Venezuelanske styresmakter har avvist meldingane.[13] Bruk av økonomiske middel til militær verksemd i landet har gått ned både om ein ser på relative tal (i forhold til BNP) og i absolutte tal sidan Chávez kom til makta.[14]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Venezuela

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kalle Holmqvist - Venezuela och drömmen om ett nytt Amerika (Murbruk förlag), 2006. ISBN 91-976360-0-2 (svensk)

Olivia Burlingame Goumbri -Venezuela Reader: The Building of a People's Democracy ISBN 0-918346-35-5 (engelsk)

Regjeringssider[endre | endre wikiteksten]

Media og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Kultur, foto og turisme[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]