Angrerettloven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Angrerettloven eller angrerettlova er ein lov som har som funksjon å verne forbrukarar som handlar under spesielle forhold. Lova er laga for å verne kundar mot aggressive eller spesielle typar næringsverksemd, som messer, dør-til-dør-sal og liknande. Angrerett gjeld sal utanfor fast utsalsstad, når avtalt samla varepris medrekna frakt er over 300 norske kroner. Den gjeld også ved fjernsal som internetthandel, telefonsal eller postordre, uavhengig av vareprisen.[1]

Vilkår[endre | endre wikiteksten]

For at ein skal kunne nytte angrerettloven, må nokre vilkår vere oppfylte:

  • Kjøpet må vere eit forbrukarkjøp. (Vara skal ikkje nyttast i arbeidssamanheng og kjøpar må vere ein person; ikkje ei gruppe personar.)
  • Kjøpet må enten vere eit fjernsal jf. angrerettsloven § 6a, eller eit kjøp utanfor fast utsalsstad, jf. § 6d[2] Det er altså ikkje lovfesta angrerett på varer kjøpt i vanleg butikk.

Unntak[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om alle vilkåra er oppfylte, kan det hende angreretten ikkje kan nyttast, dersom:

  • Kjøpet er blitt gjort gjennom ein salsautomat eller anna automatisert forretningslokale.
  • Avtalt samla varepris for handelen, medrekna frakt, er under 300 norske kroner.
  • Kjøpet er gjort ved auksjon, bortsett i frå dei som blir arrangerte utelukkande ved hjelp av fjernkommunikasjon. (eksempelvis nettauksjonar).
  • Avtala gjeld sal eller oppføring av fast eigedom eller rettar i fast eigedom, bortsett frå utleige.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]