Edvard Munch
-
Denne artikkelen handlar om kunstmålaren. For andre personar med same namnet, sjå Edvard Munch (fleirtyding).
Edvard Munch (12. desember 1863–23. januar 1944) var ein norsk kunstmålar, grafikar og ein av dei tidlege representantane for ekspresjonismen. Han vart fødd på Løten i Hedmark fylke, men voks opp i Kristiania. Den intense og stemningsfulle måten han skildra psykisk liding på hadde mykje innverknad på utviklinga av tysk ekspresjonisme tidleg på 1900-talet.
Edvard Munch er den einaste norske kunstmålaren som er kjend og verdsett verda over. Det internasjonalt mest kjende måleriet hans er truleg Skrik. Verk av Munch er å sjå i mange internasjonale kunstgalleri. I Oslo er sentrale verk å sjå på det kommunale Munchmuseet, på det statlege Nasjonalmuseet og som veggmåleri i aulaen i Domus Media (tilhøyrande Universitetet i Oslo) på Karl Johans gate. I Bergen er verk som vert rekna blant dei beste å sjå i Bergen kunstmuseum.
På 70-årsdagen sin i 1933 vart Munch tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
[endre] Uttalen av «Munch»
Edvard Munch «insisterte [...] på at hans familienavn ble uttalt med u».[1]
[endre] Bakgrunnsstoff
- Sjølvportrett
- Om Skrik og andre av Munch sine bilete
- Oversyn over galleri og musé med Munch-bilete
- Internettsida for Munch-museet i Oslo
- Munch på Nasjonalmuseet
- Stenersen-museet
- Galleri Munch – Spesialgalleri for Edvard Munch sin grafikk
- Blomqvist Kunsthandel – Munch-ekspertar
- Løten kommune – Edvard Munch sin fødestad
[endre] Kjelder
- ↑ Bjarne Berulfsen: Norsk uttaleordbok, Aschehoug 1969, s. 4.