Anomali i meteorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein anomali i meteorologi og oseanografi er eit avvik, både positivt og negativt, frå ein definert normalverdi. Opphavleg vart omgrepet nytta om skilnaden mellom middeltemperatur på ein stad og eit tilsvarande middeltal for vedkomande breiddegrad. I dag vert det derimot nytta om mange forskjellige måleresultat, sidan det ofte kan vere meir nyttig å framstile avvik frå gjennomsnittsverdiar enn sjølve måleverdiane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]