Oseanografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oseanografi er vitskapen om havet og omhandlar all utforsking av havet, grensene og topografien til havet, det levande og døde innhaldet, dei kjemiske og fysiske eigenskapane til vatnet og prosessane som skjer i havet.

I norsk språkbruk er det vanleg å skilje mellom fysisk oseanografi, som omhandlar den fysiske karakteren og dynamikken til vatnet, kjemisk oseanografi, som omhandlar kjemien i vatnet, og marinbiologi, som omhandlar plate- og dyrelivet i havet, livsvilkåra deira, fordelinga og vekselverknaden deira. Eit anna felt er marin geologi som knyt seg til petroleumsinteressene og boring på kontintenalsokkelen og grunne havområde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Havforskinga byrja som eit sjølvstendig fagfelt med fleire store oseanografiske ekspedisjonar på siste halvdel av 1800-talet, og særleg var den britiske Challenger-ekspedisjon i 1872–1876 grunnleggande for faget. Norsk havforsking byrja med Den norske Nordhavsekspedisjon 1876–1878, men vart særleg aktiv frå 1900 då fiskeriundersøkingane fekk eit eige fartøy, D/S «Michael Sars». Fleire norske oseanografar var banebrytande i si tid, som Henrik Mohn og G. O. Sars, og seinare Haaken Hasberg Gran, Bjørn Helland-Hansen, Johan Hjort og Fridtjov Nansen.

Det internasjonale samarbeidet vart organisert i 1902 med Det internasjonale rådet for havforsking (ICES). Noreg er òg medlem av SN-organisasjonen Intergovernmental Oceanographic Commission, eller IOC, som vart oppretta i 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]