Meteorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meteorologisk kart over ein orkan.

Meteorologi (samansett av gresk meteoros, 'i luft', og logos, 'lære') er vitskapen om atmosfæren.

Meteorologien legg vekt på dei nedste 100 km av atmosfæren. Meteorologane prøver å forstå og beskrive dei fysiske og kjemiske prosessane som pågår her. Meteorologi vert difor ofte kalla læra om vêret.

Det er vanleg å dele faget inn i kjemisk meteorologi, fysisk meteorologi og dynamisk meteorologi.

Faget grensar oppover til ionisfærisk fysikk og nedover til oseanografi, hydrologi og fysikken til den faste jorda.

Kjende meteorologar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Meteorologi
Spire Denne klimaartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.