Antarctic Research Centre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Antarctic Research Centre (ARC) er ein del av School of Geography, Environment and Earth Sciences ved Victoria University of Wellington. Oppgåva er å forske på klimahistorie og klimaprosessar i Antarktis og korleis desse påverkar det globale klimasystemet.[1]

ARC vart oppretta i 1972 som ein del av Department of Geology ved Victoria University.

ARC har fokusert på forsking av klimaendringar, mellom anna analysar av sedimentærprøvar frå havbotnen og iskjernar, og isbremodellar.[1] ARC har årlege forskingsekpsedisjonar, kalla Victoria University of Wellington Antarctic Expeditions (VUWAE), til Antarktis. Den første ekspedisjonen, som utforska McMurdo Dry Valleys vart utført den 30. desember 1957 av Peter Webb og Barrie McKelvey, to tredjeårsstudentar.[2][3] Sidan då har studentar og personale reist årleg til Antarktis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]