McMurdo Dry Valleys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
McMurdo Dry Valleys
dal
Kart over McMurdo Sound og Dry Valleys
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°28′S 162°31′E
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
McMurdo Dry Valleys
77°28′0″ S 162°31′0″ E
McMurdo Dry Valleys is located in Antarktis
McMurdo Dry Valleys (Antarktis)
Wikimedia Commons: McMurdo Dry Valleys

McMurdo Dry Valleys (Tørrdalane) er ei rekkje snøfrie dalar i Antarktis som ligg i Victoria Land vest for McMurdo Sound.[1] Regionen er ein av dei mest ekstreme ørkenane i verda og fleire interessante stader ligg her, som Lake Vida og Onyx River, den lengste elva i Antarktis.

Klima[endre | endre wikiteksten]

McMurdo Dry Valleys, Landsat 7-bilete frå desember 1999.

Dry Valleys fekk dette namnet på grunn av den ekstremt låge fukta og mangelen på snø- og isdekke. Dei er òg tørre fordi fjella kring dalen er høge nok til å blokkere isstraumen frå Det austantarktiske isdekket. Med eit areal på 4800 km2 dekkjer dalane kring 0,03 % av kontinentet, og dannar den største isfrie regionen i Antarktis. Dalbotnen er dekkja av laus grus, der ein kan sjå strukturmark i form av iskiler.[2]

Dei unike tilhøva i Dry Vallyes kjem delvis av katabatisk vind. Desse oppstår når kald, tung luft vert dradd ned fjellsider av tyngdekrafta. Desse vindane kan nå ein styrke på 320 km/h eller nesten 90 m/s, og vert varma opp når dei fell ned, slik at alt vatn, is og snø fordampar.[3]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

ASTER-bilete av Dry Valleys.

Dalane skjer gjennom Beacon Supergroup, i tillegg til eldre granittar og gneisar frå Ross-orogenesen. Morene, avsette direkte på isen, finst langs berggrunnen. DEsse morenene er relativt tynne og spreidde, og skil seg stort frå dei svære, gjørmerike morenene på den nordlege halvkula. Ei av årsakene til dette er at morenene i Dry Valleys vart avsette is med kald botn, medan morenene i nord stort sett vart avsett i våte tilhøve med stort smelting av undersida av breane og breoverflata.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Uvanlege bakteriar finst i Blood Falls ved tunga av Taylorbreen, oppom den isdekte overflata av Lake Bonney i Taylor Valley.
Mummifisert sel

Endolittiske fotosyntetiske batkeriar finst i Dry Valleys, verna av den tørre lufta i relativt i det relativt fuktige indre av steinane. Smeltevatn frå breane om sommaren dannar ei primærkjelde for jordnæringsstoff. Forskarar reknar Dry Valleys som kanskje det næraste ein kjem miljøet på planeten Mars og kan dermed gje viktig innsikt i mogeleg utanomjordisk liv.

Anaerobe bakteriar med stoffskifte basert på jern og svovel lever i kuldegrader under Taylorbreen, og fargar isen raud ved Blood Falls.[4][5]

Delar av dalane vart erklært eit verneområde i 2004.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dalar[endre | endre wikiteksten]

Frå nord til sør er dei tre største dalane

vest for Victoria Valley ligg frå nord til sør,

Sørover frå Balham Valley finn ein, frå vest til aust:

vest for Taylor Valley lgig

Lenger sør, mellom Royal Society Range i vest og vestkysten av McMurdo Sound ved enden av Koettlitzbreen ligg, frå nord til sør:

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Somme av innsjøane i Dry Valleys er av dei saltaste i verda, og saltare enn Assalsjøen og Daudehavet. Den saltaste av dei alle er den vesle Don Juan Pond.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rejcek, Peter (29. november 2007). «In the cold av night» (web). Science team do seasonal work until April to study lake ecosystem i McMurdo Dry Valleys. The Antarctic Sun. Henta 25. februar 2014. 
  2. Bockheim, J. G. (2002). «Landform and Soil Development in McMurdo Dry Dalar in Antarctica: A Regional Synthesis» (web). Arctic, Antarctic, and Alpine Research (Arctic, Antarctic, and Alpine Research, Vol. 34, No. 3) 34 (3): 308–17. JSTOR 1552489. doi:10.2307/1552489. Henta 25. februar 2014. 
  3. Lloyd, J & Mitchinson, J: The Book of General Ignorance. Faber & Faber, 2006.
  4. John Timmer. Ancient, frozen ecosystem produces blood-red ice streams, Ars Technica, 16. april 2009. Vitja 25. februar 2014.
  5. Mikucki, Jill A.; Ann Pearson; David T. Johnston; Alexandra V. Turchyn; James Farquhar; Daniel P. Schrag; Ariel D. Anbar; John C. Priscu; Peter A. Lee (25. februar 2014). «A Contemporary Microbially Maintained Subglacial Ferrous «Ocean»». Science 324 (5925): 397–400. PMID 19372431. doi:10.1126/science.1167350. Henta 25. februar 2014. 
  6. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 17. desember 2008, henta 25. februar 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]