Antisyklonsk storm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein antisyklonsk storm er eit uvêr der vinden bles i motsett retning enn det corioliseffekten rundt eit lågtrykk skulle tilsei. På den nordlege halvkula bles ein antisyklonsk storm med klokka og på den sørlege halvkula mot klokka.

Ein antisyklonsk storm oppstår som regel rundt høgtrykk. Desse strir ikkje «imot» corioliseffekten, men følgjer naturlovene for antisyklonsk vind rundt høgtrykksområde. Antisyklonske uvêr, som høgtrykkssystem, kjem ofte i samband med kaldt vêr og fører ofte til mykje snø.

Den store raude flekkenJupiter er eit godt døme på ein utanomjordisk antisyklonsk storm.

Antisyklonske tornadoar oppstår ofte. Sjølv om tornadoar er kvervlar rundt lågtrykksområde, så skjer dette fordi tornadoen har så liten skala at corioliseffekten ikkje er merkbar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]