Høgtrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit høgtrykk er eit område der det atmosfæriske lufttrykket er større enn i dei omliggande områda. I enkelte land blir desse områda kalla antisyklonar. Atmosfæren prøver alltid å kome i likevekt med seg sjølv og derfor blir faktorar som lufttrykk og temperatur forsøkt utjamna. Dette fører til at lufta strøymer frå høgtrykk mot lågtrykk for å utjamne trykkskilnaden. Høgtrykk er assosiert med rolege vindforhold og subsidens. Subsidens er søkkjande luftrørsler som gjer at lufta blir adiabatisk oppvarma. Dermed vil eventuelle skydropar fordampe i høgtrykkssituasjonar og det blir lite skyer på himmelen. Mangelen på skyer fører til at temperaturskilnaden mellom dag og natt ofte aukar i forhold til lågtrykkssituasjonar. Om dagen vil meir solinnstråling føre til auka temperatur, medan overflata blir avkjølt ved langbølgja utstråling om natta.

Klimatologisk oppstår høgtrykka oftast i subtropiske område (om lag 25-35° N eller S). Over ekvator fører kraftig solinnstråling til at luftmassane blir løfta opp i høgda og ført enten nord eller sør. Denne lufta blir så avkjølt, og byrjar å søkkje ned mot overflata i subtropiske strøk. Denne sirkulasjonen er kjend som Hadleyceller. Den søkkjande, tørre lufta er hovudårsaka til at dei fleste ørkenane ligg på desse breiddegradene.

Høgtrykk dekkjer ofte eit større område og har svakare overflatevind enn lågtrykk, fordi større overflatefriksjon på trykkgradienten og corioliskrafta hindrar sirkulasjonen rundt høgtrykket. Lufta strøymer alltid motsett veg rundt eit høgtrykk og eit lågtrykk på same halvkule. På nordlege halvkule strøymer lufta med klokka rundt eit høgtrykk, medan det er motsett på sørlege halvkule.

Nokre høgtrykk varer så lenge at dei får spesielle namn. Det sibirske høgtrykket er eit tilnærma stasjonært høgtrykk som kan vare lenger enn ein månad om vinteren. I Europa kjenner ein til Asorehøgtrykket, som amerikanarane kalla Bermudahøgtrykket. Dette er eit kraftig høgtrykk som ofte gjev fint vêr i Nord-Atlanteren. I dei sørlege områda av dette høgtrykket vil den austlege vinden ofte føre havbølgjene inn mot austkysten av Nord-Amerika i løpet av orkansesongen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]