Anton Praetorius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lippstadt

Anton Praetorius (15606. desember 1613) var ein tysk prest, reformert teolog, forfattar og førekjempar mot hekseforfylging og tortur. Han vart fødd i Lippstadt i Tyskland.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

I 1586 fødde hustrua hans Maria sonen deira Johannes i Kamen. Anton Praetorius vart den fyrste reformerte presten i landsbyen Dittelsheim, der han skreiv den eldste skildringa på latinsk av den «1. Store Fatet» på slottet Heidelberg.

Brenning av hekser

I 1596 vart han fyrsteleg hoffpredikant i Birstein (ved Frankfurt am Main). I 1597 oppnemnde fyrsten Praetorius til medlem av heksedomstolen. Praetorius protesterte mot torturen og det lukkast at prosessen vart avslutta og kvinnene sette fri. Dette er det einaste kjende tilfellet, at ein geistleg, medan heksesaka pågjekk, kravde at den umennneskelige torturen måtte slutte - og lukkast med dette.

Praetorius mista embetet sitt som hoffpredikant og vart i 1598 prest i Laudenbach (Bergstraße). Under sonen sonen sitt namn som psevdonym, Johannes Scultetus, publiserte han i 1598 boka «Von Zauberey und Zauberern Gründlicher Bericht» (Grundig utgreiing om trolldom og trollmenn) mot hekseforfylging og tortur. I 1602 fatta han mot ved andre opplag av boka til å bruke sitt eige namn som forfattar. I 1613 vart det tredje opplaget utgjeve med eit personleg føreord. Praetorius døydde i Laudenbach i 1613.

Laudenbach house pastor
Frontpage Vas Heidelbergense Praetorius


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Hartmut Hegeler: Anton Praetorius, Kämpfer gegen Hexenprozesse und Folter, Unna 2002, ISBN 3-9808969-4-3

Hartmut Hegeler und Stefan Wiltschko: Anton Praetorius und das 1. Große Fass von Heidelberg. Unna 2003, ISBN 3-9808969-0-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]