Predikant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den finske predikanten Paavo Ruotsalainen (1777–1852)

Ein predikant er ei nemning som viser til nokon som forkynnar Guds ord. Nemninga kan brukast om prestar, men viser særleg til forkynnarar som ikkje har ei tradisjonell teologisk utdanning, men er lekfolk. Ein finn ofte predikantar i motrørsler, til dømes innan den kristne pietismen eller den moderne islamismen. Predikantar kan i nokre høve skilja seg frå fast tilsette prestar ved at dei dreg rundt som omreisande predikantar for å preika.

Trussamfunn som adventistar, læstadianarar og pinsevennar tilset predikantar. Ein kan også verka som predikant utan å vera tilknytt eit særskild trussamfunn.

Karikatur av ein oppeldna predikant.

Ordet «predikant» heng saman med det gammalnorske predika, det vil seia preike eller predike, som kjem via det tyske ordet prediken frå det latinske praedicare, 'å forkynne'.

I moderne norsk blir omgrepet også brukt om glødande forkynnarar av noko dei trur på, særleg når det gjeld saker som kan knytast til pietisme, som i omgrepa «svovelpredikant» (ein som truger med apokalypse eller helvete), «moralpredikant» (som peikar på moralsk forfall) eller «avhaldspredikant».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Predikant