Apostelen Bartolomeus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michelangelos freske "Dommedag" viser Den heilage Bartolomeus med ein kniv i handa og eit flådd skinn.
Apostelen Bartolomeus var ein av Jesu læresveinar og ein av dei tolv opphavlege apostlane.
Bartolomeus er lite omtalt i Bibelen. Han er nemnd i dei tre synoptiske evangelia i samband med at Jesus kallar apostlane til seg.[1] [2] [3] I Apostelgjerningane er han nemnd blant læresveinane som var vitnar til Kristi himmelferd.[4]
I det apokryfe Bartolomeusevangeliet speler han ein sentral rolle.
Etter ei legende fekk Bartolomeus kongen av Armenia til å omvende seg til kristen tru. Men da den heidenske broren til kongen oppdaga dette, lét han Bartolomeus bli flådd levande for så å bli halshogd.
Minnedagen hans, barsok eller St. Bartholomeus-messe, vert feira 24. august. I kunsten vert han oftast avbilda med ein kniv, til minne om martyriet hans.