1. hundreåret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Europa laga av Pomponius Mela i det fyrste hundreåret.

< Det fyrste hundreåret > varte frå og med år 1 til og med år 100 etter den gregorianske kalenderen.

Romarriket i det fyrste hundreåret.

Hundreåret høyrer i europeisk historie med til antikken. Romarriket fortsette ekspansjonen og fekk under denne perioden sterkare og sterkare innflyting i Europa, Nord-Afrika og den nære austen, og i år 41 la det under seg England og Wales. Reformene som Augustus sette i gang stabiliserte Romarriket etter borgarkrigane som hadde rast i det førre hundreåret.

I Kina fortsette Han-dynastiet å dominere, berre avbrote av 14 år med Xin-dynastiet under Wang Mang. Hanstyret fekk makta att i år 23. Stigbøylen blei truleg funne opp her i dette hundreåret.

Egyptisk statue av Isis-Afrodite frå det fyrste hundreåret. Polyteistisk religion var vanleg i Romarriket, men den monoteistiske kristendommen byrja å spreia seg.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Under styret til Tiberius vart Jesus, som dei kristne held for å vere Guds son, krossfesta i Judea. Dei fylgjande tiåra vart bodskapen hans boren vidt omkring av tilhengjarane hans. Den romerske staten starta forfylgjinga av dei kristne, noko som skulle fortsetje i fleire hundreår.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Viktige personar[endre | endre wikiteksten]

Bronsestatue av Augustus.
Byste av Caligula
<<   1. hundreåret   >>

<< | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 | 32 | 33 | 34 | 35 | 36 | 37 | 38 | 39 | 40 | 41 | 42 | 43 | 44 | 45 | 46 | 47 | 48 | 49 | 50 | 51 | 52 | 53 | 54 | 55 | 56 | 57 | 58 | 59 | 60 | 61 | 62 | 63 | 64 | 65 | 66 | 67 | 68 | 69 | 70 | 71 | 72 | 73 | 74 | 75 | 76 | 77 | 78 | 79 | 80 | 81 | 82 | 83 | 84 | 85 | 86 | 87 | 88 | 89 | 90 | 91 | 92 | 93 | 94 | 95 | 96 | 97 | 98 | 99 | 100 | >>