Arabiske tal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen gjeld dei tala som vert nytta saman med latinsk skrift (og ymse andre skriftsystem); for den talrekka som vert nytta saman med arabisk skrift, sjå arabartal.
Arabiske tal, formelt sett hindu-arabiske tal er det vanlegaste symbolsystemet for representasjon av tal i verda. Utviklinga og spreiinga av dette talsystemet er rekna som eit av dei viktigaste framstega i matematikken. Dei stammar frå India og vart ført til Europa av arabarane der dei frå 1100-talet etter kvart vart spreidd. I tidlegare litteratur vert dei stundom òg kalla indiske tal.