Arawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I maorisk mytologi er Arawa ein av dei store, havgåande kanoane som vart brukt under folkeflyttingane som førte til busetnad på New Zealand. Kanoen var laga av eit stort tre i Rarotonga,[1] ein stad «som ligg på den andre sida av Hawaiki» (Grey 1956:107). Kanoen høyrde til Tama-te-kapua, sonen til Houmai-tawhiti. Etter at far og bror hans hadde vortne drepne i ei rekkje kampar mellom familien hans og overhøvdingen Uenuku, samla Tama familien sin, alle eignelutene sine, kidnappa Ngatoro-i-rangi, navigatøren på Tainuikanoen (kanoen til ein annan maoristamme) og segla av stad i Arawakanoen. Arawa landa på New Zealand, nær Cape Runaway. Då Tama døydde, vart han gravlagd på toppen av Mount Moehau i den nordlege spisen av Coromandel Range. Dei moderne etterkomarane til Arawanybyggjarane bur i Bay of PlentyregionenNordøya.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • R.D. Craig, Dictionary of Polynesian Mythology (Greenwood Press: New York, 1989), 24.
  • G. Grey, Polynesian Mythology, illustrert utgåve, ny utgåve 1976. (Whitcombe and Tombs: Christchurch) 1956.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Då «Rarotonga» er ein type ord som førekjem heller vanleg i polynesiske språk, og at det elles òg er eit stadnamn i New Zealand, skal ein ikkje utan vidare gå ut frå at dette er det same som RarotongaCookøyene.