Kano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kano har fleire tydingar
På Shatt-al-Arab i Basra, Irak.
Foto: Christiaan Briggs
Moderne kano.
Foto: Amarant (NL)

Ein kano er ein open smal båt utan kjøl som drivast fram med einblada padleårar. Ordet kan komme frå Karibia, canoa var eit av dei første orda som spanjolane tok med seg til Europa frå språket taíno, i den nye verda.

Christofer Columbus skreiv frå Cuba at «kanoane deira er så nydeleg utforma og utsmykka at det er ein lyst å sjå». Kanoane i taínokulturen var fagre, smidige og kunne gjere stor fart. Dei største farkostane kunne romme 150 personar og var ca 20 meter lange. Den gong var kanoar i Karibia laga av uthola trestammar.

Også i dag lagast båtar av uthola trestammar i somme delar av verda. På New Zealand lagar ein kanoar waka og i mange land i Sør-Amerika nyttar ein kanoar av trestammar som framkomstmiddel på elvar, ofte med bruk av motorkraft i staden for padleårar.

I vestelege delar av Nord-Amerika har det òg vore laga kanoar av heile trestammar som vart uthola til fartøy med tynn hud. I andre delar av Nord-Amerika laga dei innfødde små kanoar av ein særs lett type med opphøgde spisse stamnar og bygd med trespantar kledd med hud av bjørkenever eller dyreskinn. Denne typen er modell for mange kanoar som nyttast til fritidsbruk i Noreg i dag, bygd av tre, plast eller andre materialar.

Kanopadling som konkurransesport er olympisk øvingar i mange klassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]