Are Sende Osen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Are Sende Osen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. september 1970 (53 år)
Trondheim
Yrke journalist, programleiar, komikar

Are Sende Osen (fødd 8. september 1970 i Trondheim) er ein norsk programleiar som tidlegare var i radioprogrammet Are og Odin saman med Klaus Joacim Sonstad. Osen voks opp på Sverresborg i Trondheim.

Samstundes som han studerte ved Universitetet i Trondheim byrja Osen sin journalistkarriere i Adresseavisa, der han blant anna skrev for helgemagasinet Ut. Òg her samarbeidde han med Klaus Joachim Sonstad.

Osen fekk sommarjobb i radiokanalen NRK P3 i 1995, og har jobba der sidan dengong. Han fekk etter kvart eit fast innslag som «Einsame Are» i Espen Thoresens program XL. Detta utvikla seg til programmet Berre Are, der sauebonden Odin Jensenius etter kvart vart eit fast innslag. Derfrå var vegen til radioprogrammet Are og Odin kort. Dette programmet hadde sin siste sending 23. desember 2005. I perioden 2006 til 2008 leia han programmet OsenbandenNRK P3.

Saman med Klaus Joachim Sonstad vann han Prix Radio 2005, «Årets Radionamn».

Osen har òg skrive bøkane Are (2003) og Are Sende Osen parodierer sin far (2007).

Are Sende Osen mottok Norsk Målungdoms dialektpris i 2005.

Are Sende Osen meiner òg at alle religionar er utdaterte, og stiller urimelige og uoppnåelige krav til læresveinane og fylgjarane sine. 500 år etter at Martin Luther reformerte heile kristendommen, ynskjer Are sjølv å ta grep - å lage ein splitter ny religion for eit nytt tusenår; "Stjernestøvets syskenbarn"

Radioprogram[endre | endre wikiteksten]

  • XL (1996–97)
  • Berre Are (1998–2001)
  • Reform 99 (1999)
  • Ikkje berre Are (2002)
  • Are & Odin (2002–2005)
  • Osenbanden (2006–2009)

TV[endre | endre wikiteksten]

  • Sofa King Stupid (2002) (NRK1) (6 program)
  • På tru og Are (2010)
  • Redd menig Osen (2012)
  • Normal galskap (2014)
  • Ares misjon (2017)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Få sjå på (2007), med A-laget
  • No e den jula igjen (2014)

Are og Odin[endre | endre wikiteksten]

Album
  • Bæ To Då Bona (2004)
  • Haiglaigts:Farvel og på Gjensyn (2005)
Singlar
  • Fred på jord (2003)
  • Klapp klapp (2004)
  • Rovdyr (2004)
  • Lys og varme baby (2004)
  • Kred (2005)

Deltek på[endre | endre wikiteksten]

  • Studentersamfundet i Trondhjem: Alt er sex (1997)
  • Diverse: Spæll mæ! (2001)
  • Diverse: Absolute 2004: The Summar Hits (2004)
  • Diverse: Hjarterom – Bøssebæreroppfordringer (2004)
  • Diverse: Absolute Hits 2004 (2004)
  • Diverse: Vårfavoritter (2005)
  • Diverse: Absolute Music 49 (2005)
  • Diverse: Latterlege augneblunkar (2006)
  • Diverse: Grisefest – 18 tvilsomme partylåter om fest, fyll, fanteri og forplantning (2007)
  • Skrømt: Gutan e samla (2011)

Referansar[endre | endre wikiteksten]