Are You Ready for Love
| Are You Ready for Love Singel av Elton John frå albumet The Thom Bell Sessions |
||
| B-side | «Three Way Love Affair» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1979, 2003 | |
| Innspelt | 1977 | |
| Sjanger | Pop, rock | |
| Selskap | Southern Fried (UK) Universal Records Ultra Records |
|
| Låtskrivar(ar) | Thom Bell, LeRoy Bell, Casey James | |
| Elton John-kronologi | ||
| «Sorry Seems to Be the Hardest Word» (2002) |
Are You Ready for Love | «Heart of Every Girl» (2004) |
«Are You Ready for Love» er ein song av Elton John i 1977, og vart først gjeven ut i Storbritannia i 1979 på EPen The Thom Bell Sessions. Songen var skriven av Leroy Bell, Thom Bell og Casey James, og vart produsert i Philadelphia av Thom Bell. Medan songen «Mama Can't Buy You Love» frå den same EPen nådde listene i 1979, selde denne singelen berre middels.
I 2003 vart songen remiksa av Ashley Beedle og gjeven ut som ein 12" vinylsingel [1] og gjekk til topps i Storbritannia då han kom ut etter at songen vart nytta i reklamen for Premier League-sesongen på Sky Sports det året. Singelen vart dermed den femte førsteplassen i Storbritannia.[2].
Andre versjonar [endre]
Songen vart spelt av The Kooks i lag med Buena Vista Social Club i 2007 på albumet Rhythms del Mundo Classics.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Are You Ready for Love» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: