Arjeplog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 66°3′6.3540″N 17°53′30.919″E

Arjeplog kyrkje

Arjeplog er ein svensk tettstad som ligg i Norrbottens län, og i landskapet Lappland. Det er administrasjonssenter og einaste tettstad i Arjeplog kommun, og hadde i 2015 1 822 innbyggjarar.

Arjeplog ligg mellom innsjøane Hornavan, den djupaste innsjøen i Sverige, og Uddjaure. Like aust for Arjeplog ligg innsjøen Kakel.

Stadnamnet Arjeplog blir nemnt i kjeldene første gongen i 1640 og er av samisk opphav. Riksveg 95 – «Silvervägen» – som går mellom Skellefteå og Bodø passarar gjennom Arjeplog og har sitt namn etter sølvgruvene i Nasa. I 1965 vart Silvermuseet opna, etter initiativ frå den såkalla lappmarksdoktoren Einar Wallquist

Til trass for at Arjeplog ligg nokre mil sør for polarsirkelen, kan ein frå fjellet Galtispouda like utanfor Arjeplog sjå midnattssola 10. juni – 3. juli.

Testby for bilindustrien[endre | endre wikiteksten]

Store delar av Europas bilindustri har valt Arjeplog som sentrum for vintertesting. Det er den viktigaste private næringsvegen i kommunen. Frå desember til mars kjem det til Arjeplog ca. 2 300 ingeniørar og teknikarar som arbeider med å vinterteste bilar. Testindustrien har vorte særs viktig for økonomien i Arjeplog. I kommunen finst ein vidaregåande skule med linje for biltestverksemd, og dessutan universitetsutdanning ved Luleå tekniske universitet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]