Arne Paasche Aasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arne Paasche Aasen (18. juni 19011. november 1978) var ein norsk forfattar og lyrikar, fødd i Steinkjer men oppvaksen i Oslo. Han var gjennom fleire år aktiv i Oslo Arbeidersamfunn og Arbeiderpartiet, og var saman med komponisten Jolly Kramer-Johansen opphavsmann til fleire kjende arbeidarsongar. Han var son av Augusta Aasen (fødd Paasche) og Edolf Aasen.

Frå 70-årsdagen sin i 1971 mottok Paasche Aasen æresgasje av Arbeiderpartiet, LO og Tiden Norsk Forlag.

Det kanskje mest kjende diktet hans er «De nære ting», som er tonesett og framført som vise av Kurt Foss og Reidar Bøe.

Paasche Aasen er òg kjend under pseudonymet Dorian Red, og han publiserte fleire dikt under dette namnet i Arbeiderbladet i åra før og etter den andre verdskrigen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sigd og hammer(1921)
  • Høstens have (1923)
  • Plog og penn (1930)
  • Verden vårt hjem (1931)
  • Nakne livet (1935)
  • Blomster og brød (1937)
  • Pytt i panne (som Dorian Red, 1937)
  • Herrefolk og andre fe (som Dorian Red, 1945, samling av dikt publisert i Sverige under krigen)
  • Gudskjelov-kvelden (som Dorian Red, 1948)
  • Bak hvert vindu (1950)
  • De vandrer under stjerner (1959)
  • Lengselens gate (1967)
  • Det går så god en veg (1974)
  • Prosa i utvalg ved Martin Nag (1978)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]