Arnhem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arnhem
Arnhem river 2003 01.jpg
Flagget til Arnhem Byvåpenet til Arnhem
Flagget til Arnhem Byvåpenet til Arnhem


Plassering
Plassering av  Arnhem
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Gelderland
Borgarmeister Ruud Vreeman
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

101,53 km²
  98,25 km²
  3,28 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

143 373
  1 459/km²
Koordinatar 51°59′″N 5°55′″EKoordinatar: 51°59′″N 5°55′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.arnhem.nl

Arnhem (lokal dialekt Èrnem) er ein kommune og by aust i Nederland i provinsen Gelderland. Han er administrasjonssenter i Gelderland og ligg ved elva Nederrijn og nær St. Jansbeek, som byen utvikla seg rundt. Byen har om lag 140 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Gelderland etter Nijmegen. Kommunen er ein del av storbyområdet Arnhem-Nijmegen, som har over 700 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen fekk i 1233 bystatus av Greve Otto av Geldern, greve av Zutphen. Dokumentet finst framleis og er oppbevart i Duivelshuis ('djevelhuset') som no er ein del av rådhuset.

Arnhem vart ikkje bygd ved breidda av Rhinen, men på jordene som låg høgare opp. Arnhem vart grunnlagd der vegen mellom Nijmegen og Utrecht/Zutphen delte seg. Sju bekkar leverte vatn til byen. Først då løpet til Rhinen endra seg rundt 1500 hamna Arnhem ved sida av elva. Byen voks og hadde på 1400-talet om lag 4 000 innbyggjarar. Det vart bygget murar og tårn for å forsvare byen.

I 1850 var det 9 000 innbyggjarar i Arnhem. På 1800-talet vart områda rundt Arnhem og Nijmegen veldig populære blant det etablerte borgarskapet. Dei flytta frå vestlege til austlege delar av landet, og oppretta ein elite i Arnhem. Arnhem vart òg kalla «Austens hage» i denne perioden. Då veksten byrja å stagnere vart det bygd parkar for å trekke turistar. Saman med byen Apeldoorn har Arnhem framleis kallenamnet «Parkby».

Etter den andre verdskrigen vart byen bygd opp att og har i dag eit levande sentrum. Byen vert framleis utvida.

Arnhem har som siste by i Nederland eit trolleybuss-system for offentleg transport.

Det gamle rådhuset i Arnhem (1840).

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Byen vart hardt råka av den andre verdskrigen. Slaget om Arnhem i september 1944 er ei tragiske soge om polske og britiske fallskjermsoldatar som vart droppa bak dei tyske linjene med den føremål å erobre Rhinbrua uskadd. Det er denne hendinga at uttrykket «a bridge too far» ('ei bru for langt') kjem frå. Den britiske oberstløytnant John Frost klarte å erobre brua, men den andre britiske armeen lèt vente på seg, og slaget om Arnhem var tapt. Tyskarane var redde for ei gjentaking, og 24. september vart alle dei 95 000 innbyggjarane tvingde til å forlate byen. Då dei vendte tilbake etter krigen, viste det seg at heile byen var øydelagt og plyndra. Mange bygg i den gamle bykjernen, mellom anna Eusebiuskyrkja, var lagt i grus.

Rhinbrua vart 16. september 1978 omdøypt til John Frost-brua. Det finst eit minnesmerke frå slaget ved brua.

Slaget om Arnhem (og Operasjon Market Garden) er skildra i boka A Bridge Too Far (1974) av Cornelius Ryan. Boka vart filmatisert i 1977 med Richard Attenborough som regissør. Bruscenene i filmen er ikkje filma ved Arnhem, men ved Deventer, som har same type bru.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arnhem

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]