Apeldoorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apeldoorn
Slottet Het Loo i Apeldoorn
Slottet Het Loo i Apeldoorn
Slottet Het Loo i Apeldoorn
Flagget til Apeldoorn Byvåpenet til Apeldoorn
Flagget til Apeldoorn Byvåpenet til Apeldoorn


Plassering
Plassering av Apeldoorn
Plassering av Apeldoorn
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Gelderland
Borgarmeister Petra van Wingerden-Boers (VVD)
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

341,13 km²
  339,96 km²
  1,17 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

155 203
  457/km²
Koordinatar 52°13′″N 5°57′″EKoordinatar: 52°13′″N 5°57′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.apeldoorn.nl

Apeldoorn er ein kommune og by i Nederland i provinsen Gelderland med om lag 155 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 90 km aust for Amsterdam, sentralt i Nederland. Han er eit regionsenter og den vestlege delen av kommunen ligg på ryggen Veluwe, medan den austlege delen ligg i IJsseldalen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Apeldoorn vart først nemnd på 700-talet som Appoldro. Byen låg der ein gammal veg frå Amersfoort til Deventer kryssa vegen mellom Arnhem og Zwolle. På eit kart frå 1740 vart han kalla Appeldoorn[2].

Like i nærleiken ligg eit palass kalla het Nieuwe Loo (i dag Het Loo) som er den nederlandske kongefamilien sin eigedom. Det var opphavleg ein jaktbustad for hertugane av Gelderland, men dagens utforming kjem stort sett frå tida då statthaldar Vilhelm III av England (1685-1686)[2] budde her.

Byen i dag[endre | endre wikiteksten]

Apeldoorn var ein relativt uviktig by fram til det vart utført store byggeprosjekt her på 1800-talet og i perioden etter den andre verdskrigen.[2]. Protestantkyrkja vart bygd opp att etter ein brann i 1890. Apeldoorn har i dag store papirfabrikkar, mange kontor og eit forsikringsselskap og ymse andre fasilitetar.

Apenheul er ein dyrepark med forskjellige aper som går fritt laus mellom dei vitjande.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statline
  2. 2,0 2,1 2,2 Stenvert, R. et al. (2000). Monumenten in Nederland: Gelderland, s. 14 og 68–77. Zwolle: Waanders Uitgevers. ISBN 90-400-9406-3