Arp 256

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Arp 256. Galaksen til venstre har to båndliknande halar av gass, støv og stjerner.

Arp 256 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 350 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kvalfisken. Galaksane er sterkt deformerte, og har ei stor mengd av blå knottar som er område med sterk stjernedanning. Galaksane er lyssterke i det infraraude og stråler på desse bølgjelengdene meir enn hundre milliardar gongar kraftigare enn sola.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]