Artisten Madonna
| Madonna | |
| Verkeleg namn | Madonna Louise Veronica Ciccone |
| Fødd | 16. august 1958 (54 år) Bay City i Michigan i USA |
| Instrument | Vokal, gitar, perkusjon |
| Sjanger | Pop, elektronisk dans |
| Aktive år | 1982 til i dag |
| Yrke | Songar, låtskrivar, dansar, plateprodusent, filmprodusent, filmregissør, musiker, moteskapar, forfattar, skodespelar |
| Plateselskap | Warner Bros., Maverick, Sire |
| Nettstad | www.madonna.com |
Madonna (fødd 16. august 1958) er ein amerikansk popartist kjend verda over for ei rekkje hitsongar og oppsiktsvekkande opptredenar. Nokre av dei kjende songane hennar er «Like a Virgin», «Papa Don't Preach», «Like a Prayer», «Frozen», «Music» og «Hung Up». Madonna har seld over 300 millionar plater og er ifølgje Guinness Rekordbok den mestseljande kvinnelege artisten i verda. Ho er rekna som ei god forretningskvinne og eig eit eige plateselskap, Maverick.
Madonna er utdanna som dansar, og er kjend for sterk koreografi i tillegg til gjennomførte antrekk og ofte også seksuelle og religiøse verkemiddel i musikkvideoane og turneane sine. Artisten er rekna som eit moteikon gjennom eigne opptredenar, og har utforma kledekolleksjonar. Ho har også opptrådd som skodespelar i fleire filmar med blanda mottakingar. For hovudrolla i Evita (1996) fekk ho ein Golden Globe-pris. Ho har også skrive barnebøker.
Innhaldsliste |
Verkliste [endre]
Album [endre]
|
Studioalbum
MDNA Turnear
|
Samlealbum
Filmmusikk
Live
|
|
Filmar [endre]
|
|
|
Barnebøker [endre]
- 2003: De engelske rosene (originaltittel The English Roses), illustrert av Jeffrey Fulvimari
- 2003: Mister Peabodys epler (Mr Peabody's Apples), illustrert av Loren Long
- 2004: Jakov og de syv tyvene (Jakov and the Seven Thieves), illustrert av Gennadij Spirin
- 2005: Abdis eventyr (The Adventures of Abdi), illustrert av Andrej Dugin og Olga Dugina
- 2005: Stinn A. Gryn (Lotsa de Casha), illustrert av Rui Paes
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Madonna (artist)» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Madonna (entertainer)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2010.
- Store norske leksikon, snl.no, «Madonna – popsanger»
- Madonna From H&M Spokesperson To H&M Fashion Designer: A Constant Source of Inspiration
Bakgrunnsstoff [endre]