Asbestkeramikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Asbestkeramikk er keramikk som det er blanda ein viss del knust asbest inn i. «Asbestkeramikk» er med andre ord meir ein term på ein teknikk enn ein term for ein stilart.

Det verkar som om skikken med å blande asbest i leira oppstod i den austlege delen av Finland rundt 4500 f.Kr. Deretter vart skikken med asbestkeramikk verande i det austlege og nordlege Fennoskandia heilt til slutten av eldre metallalder og dermed tidleg jarnalder, ca. 300 f.Kr. I dei austlege og sørlege delane av norskekysten vart asbest teke i bruk i løpet av bronsealderen og heldt seg i bruk til mellomjarnalderen, rundt 600 f.Kr.