Askø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Askø
Geografi
Denmark-lolland-falster-moen Islands Bays.png
Stad Smålandsfarvandet nord for Lolland
Areal 2,82 km²
Administrasjon
Land Danmark
Kommune Maribo kommune
Demografi
Folketal 55 (2005)

Askø er ei øy i Smålandsfarvandet nord for Lolland i Danmark, og er ein del av Maribo kommune. Askø er ein svært flat øy, og det høgaste punktet er ikkje høgare enn 3 meter. Ved stormflaumane i 1858 og 1872 vart ho delvis overfløymd. Ein del av øya er i dag verna ved hjelp av dike.

Innbyggjartalet på Askø har gått gradvis nedover sidan 1930, då det bydde 180 menneske på øya. I dag er det omkring 50 menneske igjen, og skulen vart stengd i 1988 på grunn av mangel på elevar. Dei fleste fastbuande bur i Askø by nord på øya, der Askø Kyrkje frå 1200-talet òg ligg. I aust ligg det eit sommarhusområde med om lag 220 hus.

Tidlegare var fiskeri og sjøfart ein stor del av livet til innbyggjarane, men i dag er det stort sett landbruk og fruktdyrking.

Det finst hare og fasan på Askø, i tillegg til mange ender, måsar og vadefuglar.

Askø er forbunde med naboøya Lilleø med ein ca. 700 m lang demning. Det er òg ferjesamband til Askø frå Bandholm på Lolland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]