Athanasios av Athos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Russisk ikon av St. Athanasios av Athos (Sv. Afanasy Afonsky)

Athanasios av Athos (om lag 920-1000) var ein austromersk munk som grunnla eit kloster på fjellet Áthos.

Han vart fødd i Trabzon i ein gudfryktig kristen familie og fekk namnet Avraamij. Han vart snart foreldrelaus og vart oppdradd hos ei gudfryktig nonne. Der tok han etter hennar munkeliv gjennom faste og bøn. Vidare studerte han i Austromarriket. Han lærte seg vitskapar og vart rettleiar for ungdomen. Etter å ha blitt kjent med den ærverdige Mikhael Malein forakta Avraamij kvardagsmaset og flytta til Kiminskij kloster i Vesleasia der han vart ein munk med namnet Athanasios.

I klosteret gjorde Athanasios munkehandlingar med stor iver og skreiv heilage bøker på fritida. Det er kjent at han til dømes skreiv om dei fire evangelia og apostelbreva. Gjennom langvarige faster, andeleg omtanke, knebøyingar og særs hardt arbeid nådde Athanasius slik perfeksjon at han i 960 fekk løyve av igumenen til å flytte til det heilage fjellet Áthos for å bu der som eremitt. I følgje segna slost djevelen med han i tankane for å få han til å dra derfrå, men gjennom bøn vann Athanasius over han og kunne etter dette ta lett til tårene.

Etter ein periode grunnla Athanisios eit brødrekloster på Áthos og vart sjølv igumen der. Klosteret hadde strenge reglar. Snart vart klosteret og hans forstandermunk kjende overalt, slik at igumenar i andre kloster og biskopar ville vere vanlege munkar i Athanasios sitt kloster.

I følgje segna gjorde Gud Athansios skarpsindig og gav han gåva å utføre mirakel. Med hjelp av krossen lækja han dei sjuke og dreiv vonde ander ut av menneske. Til og med Jomfru Maria støtta Athanasios og viste seg for han fleire gonger og gav klosteret hans vern.

Då Athansios følte at han kom til å døy, bad han munkane om å ikkje bli forvirra av det som skulle skje. Etter å ha gjeve munkane dei siste føresegnene bad han, og gjekk så med seks andre munkar for å sjå til eit byggjearbeid. Brått fall toppen av klosteret over dei og alle sju vart gravlagd under steinane. Slik døydde helgenen i 1000-1001.

Liket av Athanasius hadde ikkje endra seg på noko vis i løpet av dei tre dagane han låg under steinane. I gravferda hans kom det blod frå sår på beina hans under songen. Nokre munkar samla blodet i handklede og mange vart lækja gjennom det.

Minnefestdagar for St. Athanasios[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]