Den julianske kalenderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den julianske kalenderen er kalenderen som vart innførd av Julius Cæsar frå og med år 45 fvt. Etter denne kalenderen er det 365 dagar i vanlege år, og skotår med 366 dagar kvart fjerde år, utan unntak. Dette var ei klår forbetring over den gamle romerske kalenderen, som hadde 355 dagar annakvart år, og vekselvis 377 og 378 dagar i åra imellom.

I 1582 gjekk pave Gregorius XIII inn for å byta den julianske kalenderen ut med ein endå meir nøyaktig variant, fordi den julianske hade eit avvik på 11 minutt pr. år frå det astronomiske året. Dei fleste katolske land adopterte raskt den gregorianske kalenderen. Protestantiske og ortodokse statar følgde etter litt etter litt, og i dag har dei fleste gått over til den gregorianske kalenderen.

Mange ortodokse kyrkjesamfunn, t.d. den russisk-ortodokse kyrkja, brukar framleis ein variant av den julianske kalenderen. Det er difor religiøse høgtider i Aust-Europa sjeldan fell saman med dei same høgtidene i den norske kyrkja, som gjekk over til å bruka den gregorianske kalenderen i februar 1700. I 2005 feirar vi t.d. påske den 27. mars i Noreg, men den 1. mai i Russland, sjølv om båe landa i dag brukar den same kalenderen.

Av di den julianske kalenderen hadde vore brukt so lenge at alle kalendrar låg fleire dagar «etter skjema», måtte året mista nokre dagar i samband med at kalenderen skulle bytast ut. Dette problemet vart handtert på ulike vis i ulike land. I Noreg vart februar ekstra kort det året vi slutta å bruka den julianske kalenderen, og då kan det vel henda at folk klaga når dei t.d. måtte betala full månadsleige på inntekta av ei halv månads arbeid! I Sverige prøvde dei difor ei mjukare overgang frå år 1700 og framover, men det vart berre vas, og etter 12 år gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, som dei beheldt til 1753. Då gjorde dei nøyaktig som Noreg hadde gjort 53 år tidlegare.

Russland brukte den julianske kalenderen heilt fram til etter den russiske revolusjonen tidleg på 1900-talet. Det er difor det heiter Oktoberrevolusjonen sjølv om han skjedde i november etter norsk tidsrekning.