Au Train-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Au Train-elva
elv
Land  USA
Stat Michigan
Fylke Alger County
Kart
Au Train-elva
46°26′03″N 86°50′11″W / 46.4341°N 86.8365°W / 46.4341; -86.8365

Au Train River er ei elv på 16,8 miles (27,0 km)[1] i Au Train Township i Alger County i Michigan. Ho byrjar ved eit utløp frå reservoaret Cleveland Cliffs Basin, og renn nordover. Elva går gjennom Au Train-sjøen, og renn inn i Øvresjøen ved Au Train-bukta og Au Train Township.

Namnet «Au Train» er fransk, etter den franske pelshandelen i området i kolonitida. Det er truleg ei omsetjing av eit ojibwenamn, attgjeve som «Mataban» på eit jesuittkart frå 1670-71, tolka som ‘sleden sin’ av Alan H. Hartley (med fransk for slede la traine),[2] eller «Me ta bwa nink sepe» frå Hubbard-karta frå 1840-talet eller «Mah daw bon ingk» frå Kobawgam-karta frå 1890-talet, tolka som ‘går ned’ eller ‘stad der ein sti når stranda’ av Bernard C. Peters.[3]

Fiske ved Au Train Falls på 1930-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]