Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (fødd 9. mai 1975) er ein norsk journalist.

Rotevatn er fødd i Volda. Ho har utdanning innan radiojournalistikk frå Høgskulen i Volda, samt statsvitskap og nordisk språk ved Universitetet i Oslo. Ho starta journalistkarrieren som 19-åring i Sunnmørsposten, og arbeidde seinare i Bergens Tidende. I 2001 fekk ho engasjement i NRK, der ho blant anna hadde eit årsvikariat som programleiar i Sportsrevyen. Før det var ho mellombels tilsett som nyhendeopplesar i Dagsnytt, reporter i og Her og Nå, samt ein kort periode som reporter i Dagsrevyen.

Då Rotevatns engasjement i NRK ikkje blei fornya, fekk ho jobb i Kanal 24, og var programleiar i aktualitetsmagasinet til radiokanalen -nyhende og, Nyheitspuls, inntil ho gjekk inn i barselspermisjon. I 2010 vart ho tilsett som dagleg leiar for Allkunne AS.[1]

Rotevatn har fått fleire prisar og utmerkingar for det journalistiske arbeidet sitt, samt for sin konsekvente nynorskbruk. I 2005 fekk ho Alf Helleviks mediemålspris og i 2004 Kringkastingsprisen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]