Høgskulen i Volda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgskulen i Volda
Berte-Kanutte huset foto hivolda.jpg
Berte-Kanutte-huset
Type Statleg høgskule
Stad Volda
Studentar 3946 [1] (2012)
Tilsette 287 [2] (2012)
Nettstad www.hivolda.no

Høgskulen i Volda (hivolda) ligg i Volda sentrum i Volda kommune i Møre og Romsdal. Høgskulen hadde i 2013 rundt 4.000 studentar og 340 tilsette og er den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.

Høgskolen i Volda er ein av 24 statlege høgskular i Noreg. Den vart etablert 1. august 1994 etter at det vart beslutta å slå saman dei to statlege høgskulane i Volda som ein del av Høgskulereforma i 1994. Høgskulene som fusjonerte var Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Volda lærarhøgskule.

Høgskulen er kjend for å ha lærar- og medieutdanning. I tillegg kan ein ta fag- og profesjonstudiar innan humanistiske fag og samsfunnsfag. Faga kan takast i varierande omfang, frå halvtårseiningar til bachelorgrad, mastergrad og nokre doktorgradstudium, og ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.


Avdelinger[endre | endre wikiteksten]

Høgskulen har fire avdelingar:

  • Kulturfag
  • Mediefag (inkluderer Journalistutdanninga)
  • Humanistiske fag og lærerutdanning
  • Samfunnsfag og historie

Høgskulen omfatter også Ivar Aasen-instituttet for nynorsk skriftkultur.

Høgskulen tilbyr internasjonalisering av studiar, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram med å utdanne seg i utlandet etter at studia ved Høgskulen er avslutta.

Høgskulen i Volda har òg eit aktivt studentmiljø som mellom anna gjev utslag i student-VEKA og ein dokumentarfilmfestival kvart år.

Rektor for perioden 1.8.2011-31.7.2015 er Per Halse.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]