Aust-Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til Aust-Berlin.
██ Vest-Berlin. ██ Aust-Berlin.

Aust-Berlin er nemninga på den delen av Berlin som under den kalde krigen låg i den sovjetiske okkupasjonssonen og vart utropt til hovudstad i Aust-Tyskland.

Berlin vart delt etter at Sovjetunionen ikkje aksepterte valet av Ernst Reuter til overborgermeister, og difor innsette sin eigen overborgermeister for Aust-Berlin i 1948. Den andre delen av Berlin vart kjend som Vest-Berlin. Forfattinga til Aust-Tyskland frå 1949 erklærde «Berlin» (dvs. Aust-Berlin) som hovudstad i Aust-Tyskland. Styresmaktane i Aust-Tyskland kalla Aust-Berlin for Demokratischer Sektor von Berlin (den demokratiske sektoren i Berlin) og Demokratisches Berlin (demokratisk Berlin). Etter at Aust-Tyskland bygde Berlinmuren for å skilje Aust-Berlin frå Vest-Berlin i 1961 brukte Aust-Tyskland vanlegvis nemninga Berlin (Hauptstadt der DDR) eller Berlin om Aust-Berlin. Vest-Berlin vart omtalt som Berlin (vest) eller Westberlin. I Vest-Tyskland vart Aust-Berlin referert til som Aust-Berlin eller Berlin (aust).

Aust-Berlin var frå synspunkta til dei allierte maktene aldri del av Aust-Tyskland.

Berlinmuren fall 9. november 1989, og Berlin vart gjenforent 3. oktober 1990.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]