Den kalde krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Europa blei delt i to politiske leirar som vende seg mot USA eller Sovjetunionen under den kalde krigen.

Den kalde krigen var den konstante motsetninga, rustingskappløpet og politiske spenninga mellom dei to supermaktene USA og Sovjetunionen frå ca 1947 til slutten av 1980-åra, da Mikhail Gorbatsjov som sovjetisk leiar sørgde for å avblåse «krigen». I periodar av såkalla «avspenning» før den tid, heldt opprustinga i røynda fram, på begge sider.

Uttrykket «kald krig» går på at motsetninga til tider var sterk som i ein krig, men «kald» på den måten at det faktisk ikkje blei storkrig, mellom anna truleg fordi dei to partane sine atomvåpenarsenal heldt kvarandre i sjakk (terrorbalansen). Den kalde krigen ramma likevel mange, både ved innskrenking av politisk fridom, reiserestriksjonar og stadig angst for utsletting gjennom atomkrig.

I motsetning til i Europa, blei den kalde krigen «varm» i andre delar av verda. I denne samanhengen kan nemnast som døme krigane i Korea, Algerie og Vietnam, som blei tolka inn i ei kald-krigs-ramme, sjølv om dei også hadde andre årsaker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den kalde krigen
Spire Denne historieartikkelen som har med USA og Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.