Austerrike i Eurovision Song Contest 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 2013
Land Austerrike
Nasjonal uttaking
Uttaking Österreich rockt den Song Contest
Dato(ar) 15. februar 2013
Artist(ar) Natália Kelly
Song «Shine»
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly
Resultat
Semifinalepoeng 27
Semifinaleplass 14
Finalepoeng X
Finaleplass X

Austerrike deltok i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Bidraget vart valt i den nasjonale uttakinga, Österreich rockt den Song Contest, organisert av Österreichischer Rundfunk (ORF). Natália Kelly representerte Austerrike med den engelskspråklege songen «Shine», skriven av Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly. Bidraget kvalifiserte seg ikkje til finalen.

Österreich rockt den Song Contest[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Österreich rockt den Song Contest 2013.

ORF annonserte 2. oktober 2012 at dei ville presentere uttakinga i eit nytt format.[1] Fem bidrag vart valt ut til å delta i finalen 15. februar 2013 i Wien. Alle som ville kunne sende inn bidrag fram til den fyrste veka i november 2012.[1] Namna på dei fem utvalte artistane vart presentert 11. desember 2012.[2] Bidraga vart presentert 14. januar 2013.[3] Vinnaren vart valt ut av ein 50/50-miks av telefonrøystar og ein internasjonal jury frå Sverige, Storbritannia, Irland, Serbia og Tyskland.[4]

  1. Falco Luneau – «Rise Above the Night»
  2. Yela – «Feels Like Home»
  3. Elija – «Give Me a Sign»
  4. Natália Kelly – «Shine»
  5. The Bandaloop – «Back to Fantasy»

I Eurovision[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 2013 deltok Austerrike i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på 14. plass med 27 poeng; fire frå Kroatia, Danmark og Irland, tre frå Moldova og Belgia og to frå Kypros, Serbia og Italia og eitt frå Estland, Slovenia og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget femteplass med ei rangering på 6,32 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 15. plass med ei rangering på 12,33. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[5] Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. På scena hadde Kelly med seg fem støttevokalistar: Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein.[6]

Land som gav poeng til Austerrike[endre | endre wikiteksten]

Semifinale 1
12 poeng
10 poeng
8 poeng
7 poeng
6 poeng
5 poeng
4 poeng Kroatia, Danmark, Irland
3 poeng Belgia, Moldova
2 poeng Kypros, Italia, Serbia
1 poeng Estland, Slovenia, Storbritannia

Land som fekk poeng frå Austerrike[endre | endre wikiteksten]

Semifinale 1
12 poeng Danmark
10 poeng Russland
8 poeng Nederland
7 poeng Moldova
6 poeng Serbia
5 poeng Kroatia
4 poeng Belgia
3 poeng Estland
2 poeng Ukraina
1 poeng Kypros
Finalen
12 poeng Aserbajdsjan
10 poeng Italia
8 poeng Nederland
7 poeng Hellas
6 poeng Tyskland
5 poeng Danmark
4 poeng Romania
3 poeng Belgia
2 poeng Moldova
1 poeng Ukraina

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 5 ACTS TO COMPETE IN AUSTRIAN FINAL! (engelsk). ESCToday.com (2. oktober 2012). Vitja 12. juni 2013.
  2. ORF reveals the 5 candidates (engelsk). ESCToday.com (11. desember 2012). Vitja 12. juni 2013.
  3. Bunter Kandidatenmix (engelsk). news.at (14. janauar 2013). Vitja 12. juni 2013.
  4. Sanjay Jiandani (15. februar 2013). Tonight: Austrian national final - Österreich Rockt den Song Contest (engelsk). ESCToday.com. Vitja 12. juni 2013.
  5. Eurovision Team (28. mai 2013). Split results of Eurovision 2013 revealed (engelsk). Vitja 12. juni 2013.
  6. Natália Kelly (7. mai 2013). MALMÖ 2013 | Facebook. Facebook. Vitja 12. juni 2013.

Mal:Austerrike i Eurovision Song Contest