Auxerre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Auxerre
Byvåpenet til Auxerre
Byvåpenet til Auxerre
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bourgogne
Yonne
Geografi
Flatevidd
 - By

49,95 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

37 790
  757/km²
Koordinatar 47°48′″N 03°34′″EKoordinatar: 47°48′″N 03°34′″E
Høgd over havet 102 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 89000
Heimeside: www.auxerre.com

Auxerre er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Yonne i regionen Bourgogne. Byen har om lag 40 000 innbyggjarar og ligg ved elva Yonne.

Auxerre er eit kommersielt og industrielt senter med industriar som næringsmiddelindustri, trevare og batteri. Han er òg vidkjend for vinen som vert produsert her, inkludert den vidkjende Chablis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Auxerre var ein gong ein blømande gallo-romersk by langs ein av hovudvegane i området, Via Agrippa, og ved elva Yonne. På 200-talet vart byen eit bispesete og hovudstad i ein romersk provins. På 400-talet var det bygd ei domkyrkje i byen. Seint på 1000-talet og tidleg på 1100-talet vart det bygd bymurar av dei føydale hertugane av Auxerre.

Bourgeois-verksemder vart oppretta i lag med tradisjonelt jordbruk og vinproduksjon frå 1100-talet, og Auxerre utvikla seg til ein kommune med eige rådhus. Byen vart ein del av Frankrike under Kong Louis XI, og det gjekk hardt utover staden under Hundreårskrigen og Hugenottkrigen. I 1567 vart byen erobra av hugenottar, og mange katolske byggverk vart øydelagd. Festningsvollane frå mellomalderen vart jamna jorda på 1700-talet.

På 1800-talet vart infrastrukturen i byen kraftig bygd ut, inkludert ein jernbanestasjon, eit psykiatrisk sjukehus og forgardane, og nye bydelar vart utvikla på den høgre breidda av Yonne.

I 1995 fekk Auxerre nemninga «By av kunst og historie».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Auxerre