Avis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avisa Le Canadien frå 1806.

Ei avis er ein publikasjon som hovudsakleg fortel om ulike nyhende og vert gjeve ut ofte, gjerne dagleg, tradisjonelt på papir av dårleg kvalitet. Aviser kan skriva artiklar og reportasjar om lokale eller internasjonale hendingar, eller eit særskilt felt som idrett eller økonomi, men inneheld ofte stoff av mange typar om ulike emne. I tillegg til nyhende har aviser som regel òg annonsar og småstoff. Det meste av stoffet i aviser blir skrive av journalistar. Redaktørar har utgjevaransvar og kan skriva leiarar.

Avislesar måla av Paul Cézanne i 1866.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Større statsorganisasjonar har stått for jamnlege utgjevingar av kunngjeringar i lang tid, mellom anna i Romarriket, der ordrene frå Julius Cæsar blei send ut i Acta Diurna. Ordet avis kjem frå det latinske omgrepet ad visum, 'om det som er sett.

Den første eigentlege avisa, eit handskrive ark kalla Blanda nytt i Kaiyan, kom ut i Beijing i 713. Kaiyuan var nemninga på perioden då avisa blei laga.

Den første trykte avisa blei gjeven ut av Johann Carolus i 1605. Relation aller fürnemmen und gedenckwürdigen Historien, samling av alle fine og minnverdige nyhende, kom ut i den sjølvstendige byen Strasbourg. I løpet av dei neste tiåra kom aviser ut på engelsk, fransk og nederlands, og i 1645 blei den eldste avisa som framleis blir gjeven ut, svenske Post-och Inrikes Tidningar, til. Den eldste norske avisa som framleis kjem ut er Adresseavisen, som blei stifta i 1767.

Verdas første dagsavis var Einkommende Zeitungen, innkomande nyhende, som blei grunnlagd i 1650 i Leipzig.

Medan avisene tidlegare som oftast er blitt utgjevne på avsipapir har ein i nyare tider gjeve ut delar av dei elektronisk, som nettaviser.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avis
Spire Denne medieartikkelen som har med samfunn og litteratur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.