Axvall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°23′13.049″N 13°34′18.811″E Axvall er ein svensk tettstad i Skara kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 1 175 innbyggjarar. Axvall er det nest største tettstaden kommunen, berre Skara er større.

I Axvall ligg det ein folkehøgskule og ein grunnskule (1. til 6. trinn). I utkanten av Axvall ligg restane av mellomalderborga Axevalla hus, og på den nærliggande Axevalla hed øvde tidlegare Skaraborgs regemente og Västgöta regemente. I den gamle leiren ligg i dag Pansarmuseet i Axvall.

Det tidlegare sanatoriet Stora Ekebergs sanatorium er i dag vandrerhjem med restaurant. Like nord for Axvall ligg Axevalla travbana og Skara Sommarland.

Axvall har daglegvarehandel, pizzarestaurant, bensinstasjon og gode bussamband med Skara, Lidköping og Skövde.

Hausten 2006 starta juiceselskapet PJ Fresh Company produksjon av upasteurisert jus i Axvall. Alt i desember same år gjekk firmaet konkurs, men konkursbuet blei kjøpt opp av Brämhults Juice AB som fortsette produksjonen. Den skjer i den gamle meieribygningen i Axvall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]