Lidköping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lidköping sitt byvåpen
Lidköping om lag år 1700
Rådhuset
Torgbroen over Lidan
Limtorget
Östra Hamnen

Lidköping er ein svensk by i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. Den er centralort for Lidköping kommun. I 2011 hadde byen 25 644 innbyggarar.

Byen ligg ved utløpet til Lidan i Kinneviken i sørenden av Vänern.

Lidköping fekk bystatus i 1466 av Sverige sin dåverande konge Kristoffer av Bayern og er den eldste byen ved Vänern. Byen vert delt i to av Lidan. Nya Staden på vestsida vart bygd i 1670-åra av Magnus Gabriel de la Gardie. Her flytta han eit jaktslott som til 1882 gjorde teneste som rådhus. I dag er bygget eit handverksmuseum. Store delar av Gamla Staden vart øydelagd i ein brann i 1849. Nikolaikyrkan frå mellomalderen vart gjenreist i 1853. På Kållandsö nordvest for byen ligg Läckö slott.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]