Ayllu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein ayllu var minste politiske eining i førinkaperioder og i inkatida i dei geografiske områda som inkariket femna om. I det grunnleggjande var dette familiegrupper med frå om lag 50 til mange hundre medlem og dei kunne oppta delar av eller ein heil landsby.

Eininga kunne adoptere nye medlem utanom familien om dei ville arbeide eller delta i mitaen for eininga. Når ei kvinne gifta seg inn i ein ny ayllu heldt ho fram med medlemskap i eininga kor ho var fødd, medan ho sjølv og barna òg kom inn i aylluen åt ektemannen.

Gruppa kunne tilbe sin eigen huaca og var leidd av ein curacu. Aylluen var sjølvforsynt på alle måtar med unntak i krisar som i El Niño-år kor sentrale forråd kunne takast i bruk. Han gav sosial tryggleik, rett til territorium for jordbruk og busetnad, men òg pliktar ovanfor sentralmakta.

Ordforklaring[endre | endre wikiteksten]

I engelsk og norsk litteratur om inkariket nyttast nokon framandord direkte utan omsetjing:

  • curacu lokal leiar, administrator
  • huaca noko å tilbede, ein hellig relikvie, guddom, ein forfedrar eller eit karaktertrekk
  • mita pliktarbeid for sentralmakta, til dømes i militære eller vegbygging

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]