Ayman al-Zawahiri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ayman al-Zawahiri
أيمن محمد ربيع الظواهري
Ayman al-Zawahiri.png
Fullt namn Ayman Mohammed Rabie al-Zawahiri
(arabisk: أيمن محمد ربيع الظواهري)
Fødd 9. juni 1951, Maadi i Kairo i Egypt

Ayman al-Zawahiri (9. juni 1951) er ein egyptar rekna som medgrunnleggjar av al-Qaida og leiar frå juni 2011, etter at Osama bin Laden blei drepen i mai same året.

Al-Zawahiri kjem frå ein framståande familie frå Kairo. Bestefaren hans var storimam ved den respekterte sunnilærestaden al-Azhar medan ein onkel var den første generalsekretæren i Den arabiske ligaen. Faren var professor i medisin ved Universitetet i Kairo. Al-Zawahiri sjølv hadde ein god skulegang og var ferdig utdanna lege ved Universitetet i Kairo i 1974. Fire år seinare tok han mastergrad i kirurgi.

Allereie som femtenåring blei al-Zawahiri arrestert for medlemskap i Den muslimske brorskapen, som var forboden i Egypt. Han var seinare med på å grunnleggja Egyptisk islamsk jihad. Etter attentatet mot president Anwar Sadat i 1981 var han ein av fleire hundre som blei fengsla. Al-Zawahiri blei dømt for ulovleg våpenhald og dømt til tre år i fengsel. Etter fengselsopphaldet, der han blei torturert, drog han til Saudi-Arabia der han møtte Osama bin Laden. Då bin Laden grunnla al-Qaida i 1998 var al-Zawahiri ein viktig støttespelar. Han er rekna som ein rådgjevar og strategiplanleggjar, og er blitt skulda for å ha planlagd bombinga av World Trade Center i 1993, turistmassakren ved Luxor i 1997 og bombeåtaka mot dei amerikanske ambassadane i Tanzania og Kenya i 1998. Han skal òg ha teke del i planlegginga av terroråtaka i USA den 11. september 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ayman al-Zawahiri

Kjelder[endre | endre wikiteksten]