Anwar Sadat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anwar Sadat ved Camp David i 1978

Anwar Sadat (25. desember 19186. oktober 1981) var ein egyptisk offiser og politikar, og tok over som president av Egypt etter at Gamal Abdel Nasser døydde i 1970.

Begin, Carter og Sadat ved Camp David i 1978.

Egypt under Sadat og Syria starta Jom kippur-krigen mot Israel i 1973. Det overraskande åtaket gav den egyptiske hæren eit fotfeste på Sinai-halvøya, og gjorde Sadat til ein helt i Egypt og den arabiske verda. Medan Israel prøvde å driva dei ut att, innførte Tryggleiksrådet i SN våpenkvile. Egypt og Israel gjekk deretter inn i forhandlingar som til slutt førte til at dei to landa anerkjende kvarandre og inngjekk fred. I 1977 reiste han sensasjonelt til Israel, som den første egyptiske leiaren. Sadat vitja Jerusalem og heldt tale for den israelske folkeforsamlinga Knesset. For fredsavtalen fekk Sadat og den israelske statsministeren, Menachem Begin, Nobels fredspris.

Sadat fjerna seg frå Nasser-politikken gjennom å innføra fleirpartisystem og økonomisk liberalisering, noko som opna for privat investering, men også førte til folkeoppstand då priskontrollen på brød vart oppheva i 1977. Under Sadat braut Egypt med Sovjetunionen og knytte seg tettare til USA. Landet, som tidlegare hadde vore sett på som ein leiar av arabarverda, blei ekskludert frå Den arabiske ligaen.

I februar 1981 fekk egyptiske styresmakter nyss om planar frå Al-Jihad eller Egyptisk islamsk jihad om å utføra ein islamistisk revolusjon i landet. I september det året gav Sadat ordre om å arrestera over 1&nbso;500 menneske, både medlemmer av Al-Jihad og koptiske leiarar, aktivistar og intellektuelle med ulik ideologisk bakgrunn.

Sadat vart drepen den 6. oktober 1981 under ein militærparade i Kairo til minne om sigeren i 1973. Fleire attentatsmenn kasta granatar og skaut mot plattforma han stod på. Elleve andre blei drepne i åtaket og tjueåtte blei skadde. Drapsmennene var leidd av Al-jihad medlemmen Khalid Islambouli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anwar Sadat