Bòrd na Gàidhlig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Inverness, der Bòrd na Gàidhlig har base.

Bòrd na Gàidhlig er eit offisielt språkråd for det skotsk-gæliske språket i Skottland. Det har base i Inverness og har som uttalt ynskje at det skotsk-gæliske språket skal snakkast breitt og vidt.

Om Bòrd na Gàidhlig[endre | endre wikiteksten]

Bòrd na Gàidhlig vart gjort til ein offentleg instans etter eit språkvedtak i det skotske parlamentet. Dette vedtaket er kjend som the Gaelic Language (Scotland) Act 2005, og tredte i kraft i februar 2006.

Vedtaket gav tre klåre mål for verksemda til Bòrd na Gàidhlig:

  1. å auka talet på skotsk-gæliske språkbrukarar og læra fleire å forstå det skotsk-gæliske språket,
  2. å oppmuntra til større bruk og språkforståing av skotsk-gælisk,
  3. å gjera skotsk-gælisk språk og skotsk-gælisk kultur meir tilgjengeleg i Skottland og andre stader.

Styreleiaren og medlemmene i Bòrd na Gàidhlig vart utnemnde av dei skotske ministrane i januar 2006. Rådet har no elleve medlemmer i alt, inkludert formannen. Bòrd na Gàidhlig får aktiv pengestønad frå det skotske parlamentet og må underretta parlamentet om verksemda si. I tillegg til parlamentet samarbeider Bòrd na Gàidhlig med andre gæliske språkorganisasjonar og innbyggjarane i Skottland.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

I april 2010 godkjende dei skotske ministrane ein handlingsplan for å auka talet på språkbrukarar i Skottland. Planen har fått namnet Ginealach Ùr na Gàidhlig og tek særleg sikte på å undervisa førskuleborn og å gje støtte til foreldra deira. I tillegg tek planen sikte på å få fleire vaksne til å vilja læra seg skotsk-gælisk, samt å skaffa fleire lærarar som kan undervisa i språket.

I 2012 fekk Bòrd na Gàidhlig sponsa ein ny priskategori under dei skotske utdanningsprisane (Scottish Education Awards), som har blitt utdelt årleg sidan 2001. [1] I 2012 kan ein for fyrste gong få utdanningsprisen i ein kategori for skotsk-gælisk språk og kultur i læringsprosessen. [2]

Andre gæliske språkorganisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]