BBC Scottish Symphony Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BBC Scottish Symphony Orchestra
Skipa1. desember 1935
Nettstadhttps://www.bbc.co.uk/bbcsso Sjå dette på Wikidata

BBC Scottish Symphony Orchestra (BBC SSO) er eit skotsk kringkastings-symfoniorkester som er basert i Glasgow. Det er eit av fem fulltidsorkester som blir drivne av British Broadcasting Corporation (BBC), og det er det eldste profesjonelle fulltids-radioorkesteret i Skotland. Orkesteret har base i City Halls i Glasgow.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

BBC opna eit studio i Edinburgh i 1930, og bestemte seg for å skipa eit eige skotsk fulltidsorkester i tillegg til BBC-orkestera ein som allereie var etablerte i London, Manchester og Wales. BBC Scottish Orchestra blei skipa 1. desember 1935 av den fyrste musikkleiaren i Skottland for BBC, komponisten og dirigenten Ian Whyte.

I 1938 flytta orkestret inn i sin eigen heim i Studio One, i nyopna Glasgow Studios i Broadcasting House ved Queen Margaret Drive. Det nyoppretta Scottish Variety Orchestra (som blei til BBC Scottish Radio Orchestra i 1967) heldt til i Studio Two.

Hovuddirigentar[endre | endre wikiteksten]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til regelmessige live-sendingar og opptak for BBC, og opptak for BBC Music Magazine, har BBC Scottish Symphony Orchestra spelt inn 98 kommersielle CD-ar for platemerke som BIS, NMC og Hyperion, som det har ei langt samarbeidshistoriet med. Orkesteret har vunne 4 Gramophone-prisar og ein Grammy-nominasjon for innspelingane sine.

  • Jonathan Harvey: Body Mandala – Anu Komsi (sopran), BBC Scottish Symphony Orchestra, Ilan Volkov (dirigent). Label: NMC[2]
  • English Orchestral Songs – Christopher Maltman (baritone), BBC Scottish Symphony Orchestra, Martyn Brabbins (dirigent), Adrian Adlam (leader). Label: Hyperion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Hall (29 January 2006). «Look north for acoustic paradise». The Guardian (London). Henta 3. april 2007. 
  2. «News: BBC SSO wins coveted Gramophone Award» (Press release). BBC Scottish Symphony Orchestra. 26 September 2008. Henta 22. september 2009.