Glasgow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Glasgow

skotsk-gælisk
skotsk
Glaschu
Glesga
Plassering
Glasgow is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region City of Glasgow
Grunnlagd 500-talet
Geografi
Flatevidd[1]
 - By

175,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

592 820
  3 377,9 /km²
1 750 000
Est, 2 550 mill,
Koordinatar 55°51′29″N 4°15′32″WKoordinatar: 55°51′29″N 4°15′32″W
Diverse annan informasjon
Postnummer G
Telefon-retningsnummer 0141
Nettstad: www.glasgow.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glasgow

Glasgow (Glaschùgælisk) er den største byen i Skottland og den tredje største i Storbritannia. Han ligg ved elva Clyde i den vestlege delen av det sentrale Skottland og utgjer saman med fleire mindre landsbyar regionen City of Glasgow.

Glasgow voks frå å vere eit bispesete i mellomalderen, og med den seinare etableringa av University of Glasgow, til å bli eit sentrum for transatlantisk handel i løpet av 1800-talet. Med den industrielle revolusjonen vart byen eit senter for ingeniørvitskap og skipsbygging.

I 1960-åra hadde han eit folketal på heile 1,1 millionar, og var då den fjerde største byen i Europa, etter London, Paris og Berlin. Dei seinare åra har innbyggjartalet vorte nestan halvert, på grunn av blant anna endringar av bygrensene og generell nedgang i folketalet. Stor-Glasgow hadde ca 1,1 million innbyggjarar i 2004. I dag er byen kjent som den kommersielle hovudstaden i Skottland og er det tredje største turistmålet i Storbritannia etter London og Edinburgh.

Byen er har òg ei rekkje utdanningsinstitusjonar, mellom anna fire universitet som alle ligg innan 16 kilometer frå bysentrum:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Leilegheitsbygg i raud sandstein som er typisk for dei eldre bustadstrøka i Glasgow.
Det nye kurs- og konferansesenteret som ligg ved elvebreidda til Clyde. I bakgrunnen kan ein sjå ein av heisekranene som vart brukt til å heise lokomotiv ombord i båtar, som i dag står som eit symbol på ei tidlegare stordomstid.
Buchanan Street er ei av hovudgatene i Glasgow. Til høgre kan ein skimta statuen av Donald Dewar.

Namnet kjem frå skotsk gælisk glas gu, som tyder «grøn senking». Glas gu er første gongen funne i kjelder frå 1116, men før dette hadde busetjinga namnet Cathures, som var eit kumbrisk namn. Det moderne namnet har framleis eit visst hald då byen har over 70 parkar, den eldste er Glasgow Green som er frå 1400-talet.

Staden der Glasgow ligg har vorte brukt som bustad frå førhistorisk tid på grunn av at det var ein eigna vadestad over Clyde, noko som òg gjorde at det var ein naturleg stad for laksefiske. Byen vart grunnlagt av Kentigern av Glasgow500-talet. Kentigern fekk òg bygd ei kyrkje i området. Denne kyrkja ligg på same stad som katedralen ligg i dag. Glasgow var i mellomalderen det nest største bispedømet i Skottland. Byen voks opp gjennom mellomalderen og skipinga av University of Glasgow i 1451 og oppgraderinga av bispedømmet til erkebispedømme førde til at byen fekk større religiøs og utdanningsmessig tyding.

Etter at Skottland og England (med Wales) inngjekk Act of Union i 1707, som førde til skipinga av kongedømmet Storbritannia, fekk Skottland tilgjenge til store marknader i Det britiske imperiet. På grunn av at Glasgow hadde gode hamner vart byen ein viktig handelsby for internasjonal handel med tobakk, sukker og bomull til Amerika. Særleg viktig var det at Glasgow, i motsetnad til andre skotske hamnebyar som Dundee og Aberdeen, hadde enkel tilgjenge til Atlanterhavet. Fleire av dei viktigaste gatene i Glasgow er kalla opp etter handelsfolk som vart rike på handel med tobakk frå koloniane i Amerika fram til den amerikanske sjølvstendekrigen starta i 1775. Etter dette vart handelen konsentrert om dei britiske koloniane i Karibia.

På byrjinga av 1700-talet vitja forfattaren Daniel Defoe Glasgow og uttalte at byen var «den finaste og best bygde byen i Storbritannia, med unntak av London». På denne tida var folkesetnaden til byen rundt 12 000 og hadde enno ikkje gjennomgått dei store omveltingane som opplysningstida og den industrielle revolusjonen førde med seg.

Etter industrialiseringa produserte Glasgow blant anna tekstilar og stål som vart eksportert. Etter at Monkland-kanalen vart opna i 1791 fekk byen enkel tilgjenge på jernmalm og kol frå gruver i Lanarkshire. Etter eit omfattande arbeid med å mudre opp Clyde vart skipsbygging ein stor industri langs elva og fleire kjende skip har vorte bygd i og rundt Glasgow, som til dømes RMS «Lusitania», RMS «Queen Elizabeth», RMS «Queen Elizabeth 2» og det kongelege skipet HMY «Britannia». Byen hadde òg ein omfattande industri som bygde lokomotiv. Glasgow passerte Edinburgh som den største byen i Skottland i 1821 og vart omtalt som «the Second City of the Empire» («Den andre byen i riket»), der den første byen var London. På denne tida vart fleire av dei mest markante bygningane og infrastrukturen i Glasgow bygde opp, byen fekk blant anna undergrunnsbane, Glasgow undergrunnsbane, i 1896. Det vart òg bygd ein akvedukt frå Loch Katrine til byen i 1859 som forsynte, og framleis forsyner, innbyggjarane med drikkevatn.

Frå 1840-åra og utover kom mange irske tilflyttarar for å søkja lukka i Glasgow. Det var særleg hungersnauden i slutten av 1840-åra som førde til stor tilflytting, og saman med seinare tilflytting frå Irland har Glasgow ein stor katolsk folkesetnad. Den irske påverknaden i byen er framleis synleg, til dømes gjennom fotballaget Celtic FC.

1900-talet førde med seg både nedgangstider og gjenoppbygging av byen. Etter første verdskrigen leid Glasgow av dei økonomiske nedgangstidene som følgde. Dette førde til ein auke i den radikale sosialismerørsla og ei rørsle kalla «Red Clydeside» vart skapt. Denne rørsla kjempa blant anna for lågare husleige i dei ofte overfylte og forureina bustadstrøka, og dessutan 40 timar arbeidsveke, i denne perioden var det fleire omfattande streikar. Den 31. januar 1919 braut det ut opptøyar i sentrum av byen og så mykje som 90 000 menneske var samla. I frykt for ein bolsjevikliknande revolusjon, og med den russiske revolusjonenen og novemberrevolusjonen i Tyskland friskt i minnet, sende styresmaktene inn soldatar og stridsvogner frå England. Ein ville ikkje sende inn skotske troppar på grunn av at ein frykta at desse kunne sympatisere med opprørarane, difor vart skotske troppar som var i byen nekta å forlate brakkane. Fleire, òg kvinner og born, vart skadde i opptøyane og fleire av dei antekne leiarane vart arrestert og seinare dømde til fleire månader i fengsel.

Tilhøva i byen betra seg fram mot utbrotet av andre verdskrigen og voks på dei økonomiske oppgangstidene som følgde etter slutten av krigen. På 1960-talet opplevde likevel byen at aukande konkurranse frå land som Tyskland og Japan førde til at fleire av dei store industriverksemdene i byen tapte inntekter. Som eit resultat av dette gjekk Glasgow inn i ein lengre periode med økonomisk nedgang, høgare arbeidsløyse, forfall, folketalsnedgang, aukande helsemessige problem og stort press på velferdsgoda. Fleire forslag om korleis byen skulle gjenskape sin gamle stordom vart fremja. Éit av desse forslaga gjekk ut på å rive ned store delar av bygningane i sentrum av byen for å skape eit meir straumlinjeforma sentrum, men dette vart ikkje teke til følgje. Likevel vart store delar av bustadområda nær sentrum rivne på grunn av at desse hadde utvikla seg til å bli slumområde.

Til saman vart omkring 750 000 av innbyggjarane i byen flytta til nye byar som vart oppretta i utkantstrøka. Døme på slike byar er Castlemilk, Drumchapel og Easterhouse. Fleire av dei nye byane låg utanfor bygrensene. Denne utflyttinga er mykje av bakgrunnen for det, tilsynelatande, dramatiske fallet i innbyggjarar som Glasgow opplevde frå omkring ein og ein halv million innbyggjarar på 1930-talet til omkring 600 000 i dag.

Frå 1990-talet og utover opplevde byen igjen økonomisk framgang. Denne framgangen kom blant anna på grunn av auka turisme, som igjen delvis skuldast at byen vart europeisk kulturhovudstad i 1990. Styresmaktene pussa bokstaveleg talt opp fasaden til byen ved å sandblåse gamle bygningar som var vorte svarte av årevis med forureining. Dette førde til at dei sentrale bystrøk vart meir populære som buområde, noko som igjen førde til eit meir levande sentrum. Særleg har områda rundt Clyde vorte modernisert. Desse områda bestod hovudsakleg av industriområde som hadde lege brakk over lengre tid på grunn av nedgangstidene. Dei seinare åra har fleire omfattande leilegheitskompleks vorte bygd langs elva, i tillegg til ei rekkje kontorbygg. Langs elva ligg i dag òg eit stort kurs og konferansesenter, som òg er ein mykje brukt konsertarena, og Glasgow Science Centre.

Heraldikk[endre | endre wikiteksten]

Byvåpenet til Glasgow tek opp mange av mirakla som Kentigern av Glasgow skal ha utført.

Byvåpenet til Glasgow vart godkjent av Lord Lyon King of Arms den 25. oktober 1866. Det inneheld ei rekkje symbol og emblem som har samanheng med livet til vernehelgenen til Glasgow Kentigern og som hadde vorte brukt som offisielt segl før 1866. Emblema symboliserer mirakel som Kentigern skal ha utført.

Nedst i byvåpenet står mottoa til byen Leit Glasgow Flourish (la Glasgow blomstre). Dette skal stamme frå ei preike halden av Kentigern.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Glasgow har vore vertskap for Verdsutstillinga i 1888, 1901, 1911 og 1938. Byen var òg Europeisk kulturhovudstad i 1990 og skal òg arrangere samveldeleikane i 2014. Fleire populære band, som Mogwai, Franz Ferdinand, Belle & Sebastian, Travis, Texas og Simple Minds har opphavet sitt i Glasgow.

Byen har òg fleire museum, det fremste er Kelvingrove Art Gallery and Museum, som er den best vitja turistattraksjonen i Skottland. Museet ligg på vestsida av byen like ved University of Glasgow.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Glasgow er heimby til dei to største laga i Skottland, Rangars FC og Celtic FC som begge spelar i Scottish Premiar League og i Meisterligaen 2007/2008. Lokaloppgjera mellom desse to klubbane er kjent som Old Firm. Byen er òg heimby til Partick Thistle FC og Queen's Park FC. Glasgow har òg dei tre største fotballstadiona i Skottland: Celtic Park (60 832 sete), Hampden Park (52 500 sete) og Ibrox Stadium (51 082 sete). Hampden Park er òg heimebana til det skotske herrelandslag i fotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glasgow